Meiner saksøkte ofra Kleven sine interesser
Buet sine advokatar summerte opp kvifor dei meiner tidlegare verfteigar skal betale kjempeerstatning.
Saksøkjarane sine advokatar la onsdag fram sine avsluttande prosedyre saka mot den tidlegare eigaren av Kleven.
Konkursbuet har saksøkt den kroatiske forretningsmannen Tomislav Debeljak for tap han påførte Kleven etter at han overtok som eigar av verftet våren 2020.
Den tidlegare verftseigaren ber om å bli frifunne i saka som går i i Hordaland tingrett. Torsdag er siste dag i retten med dei saksøkte sin prosedyre.
Meiner lojalitetsplikta er brote
I avslutningsforedraget gjekk advokat Kristoffer Larsen Rognvik gjennom kva retten har fått høyre i løpet av seks dagar.
Han gjekk først gjennom kva pliktar Debeljak hadde som styreleiar i verftsselskapet, og kva det betyr at saksøkjarane meiner han har brote lojalitetsplikta som følgjer av aksjelova.
– Om styreleiar tek i vare eigne interesser, framfor selskapet sin interesse, så gir det grunnlag for erstatning, sa Rognvik.
Saksøkarane meiner Debeljak gjennomgåande ofra Kleven sine interesser, til fordel for Div Group og sine eigne interesser.
Peika på Debeljak sin oppførsel
Advokaten meinte at vitneforklaringane bygga under oppfatninga til saksøkjarane, om at oppførselen til Debeljak var den direkte årsaka til at bankane bestemte seg for å avslutte finansieringa for verftet – som tvang fram konkursane – og dermed tapa.
Det toppa seg under eit skjebnemøte med bankane 23. juni 2020, då buet har hevda Debeljak reiv ned all tillit til bankane. Det er bakgrunnen for at buet meiner den kroatiske forretningsmannen har personleg ansvar for tapa til verftet.
Mellom anna viste Rognvik til ein GIEK-tilsett som meinte det han opplevde var eit finansielt sjølvmord og ein bankadvokat, som uttalte at det etter hans syn ville vere «grov tenesteforsømming» og «uforsvarleg» å ikkje seie opp låna etter det dei opplevde.
(saka held fram under)
Meiner Debeljak gjorde motsett av det venta
Rognvik understreka at Debeljak på førehand var fullstendig klar over bankane sine uro om manglande betaling til underleverandørar og utsiktene til at ei pågåande byggeprosjekt blei fullført.
- Han burde teke tak i og adressert alle bekymringane som bankane har teke opp i forkant. Det var venta av han som styreleiar. I staden gjorde han det stikk motsette, sa Rognvik.
Retten har fått fortalt at Debeljak både ga uttrykk for at Kleven, eller Div Group, ikkje ville følgje opp avtalane med leverandørane, og at nokon andre – det vil seie bankane – måtte ta eventuelle tap.
Rognvik meiner den tidlegare verftseigaren då openbert måtte forstå at det var ein fare for at bankane ville seie opp låna.
Vil ha dekka tapet til verftet
Advokat Jan Vablum la avslutningsvis fram utrekninga for erstatningskravet på 136 millionar kroner.
Det bygger enkelt sagt på ei utrekning av differansen på verdien av byggeprosjektet som verftet hadde under arbeid - med - og utan Debeljak sin innblanding.
Forsikringsselskapet Tryg er også saksøkt i saka ettersom dei hadde styreansvarsforsikring for kroaten. Erstatningsbeløpet mot forsikringsselskapet er avgrensa til 30 millionar kroner.
I tillegg ber saksøkjarane om å få dekka sakskostnader.
Publisert: 15.11.2023 15:17
Sist oppdatert: 15.11.2023 15:21