Olympic Delta og Olympic Artemis foto Rune Paulsen
OLYMPIC: Meir arbeid både for Olympic Delta og Olympic Artemis. Foto: Rune Paulsen
Nytt

Meir arbeid for Olympic-skip

Haugesund-selskapet Reach Subsea med kontrakt på tre Olympic-skip.

16.11.2021

Herøy-selskapet Olympic Subsea opplyser i ei børsmelding tysdag at selskapet har fått forlenga to kontraktar, og inngått ei ny, med Haugesund-selskapet Reach Subsea.

Kontraktsforlengingane gjeld dei to fleirbruksskipa Olympic Artemis og Olympic Delta. Dei to skipa er no sikra arbeid til 1. kvartal 2023.

Dei to skipa er utstyrte med fjernstyrte ROV-ar, store subseakraner og vert nytta både innan konstruksjons- og vindmarknaden.

Rosar mannskapet
Den tredje kontrakten gjeld Olympic Challenger, eit større fleirbruksskip. Dette skipet arbeider for tida på Merkur Windpark i tysk sektor, og får ny kontrakt med oppstart i 1. kvartal neste år.

Olympic-direktør Stig Remøy rosar mannskapet på skipa, og meiner kontraktene er eit resultat av både ein moderne flåte og godt mannskap, samt gode tilbakemeldingar frå kundane i ein vanskeleg tid under pandemien.

Publisert: 16.11.2021 09:18

Sist oppdatert: 16.11.2021 09:36

Mer om