Stig remøy kleven desember 2020 foto marius 11
SAMDE MED BANKANE: Olympic Subsea-eigar Stig Remøy. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Fekk støtte til ny kriseløysing

Olympic-reiarlaget har forhandla i to år. Er no samde med fleirtalet av kreditorane.

Marius Rosbach
10.11.2021

Olympic Subsea melder onsdag at dei er blitt samde med eit fleirtal av bankane om ei restrukturering av gjelda til reiarlaget.

Den nye avtalen skal gjelde til mars 2023. Ifølge reiarlaget vil den redusere den årlege gjeldsbyrda, gi betre kontantbalanse og forbetra økonomisk handlingsrom, ifølge børsmeldinga.

Olympic har forhandla med långivarane i to år og fristen for å bli samde er utsett fleire gonger. I børsmeldinga onsdag går det fram at reiarlaget tek sikte på å lande ein endeleg avtale innan midten av november.

Olympic er samtidig i det som omtalast som «avanserte» diskusjonar med dei gjenståande kreditorane. Dei ventar å bli samde med desse innan rimeleg tid.

Ein del av forslaget som er lagt på bordet, inneberer at i eit obligasjonslån på 300 millionar kroner, kan bli omgjort til aksjar som vil gi långivarane eit eigarskap tilsvarande 22 prosent av reiarlaget.

Publisert: 10.11.2021 09:37

Sist oppdatert: 10.11.2021 10:24

Mer om