Zakariasdammen Tafjord
MINDRE TIL UTLANDET: Norske vassmagasin har no ein fullyngsgrad på 65 prosent i gjennomsnitt. På same tid i fjor var den 91 prosent. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Meir enn halvert krafteksport i august

Noreg har eksportert mindre straum så langt i år enn snittet dei siste ti åra, og eksporten har falle kraftig i august, i takt med mindre vatn i magasina.

20.09.2021

NPK-NTB: Tal som E24 har henta ut frå nettoperatøren Statnett, viser at nettoeksporten frå nyttår og fram til utgangen av august var 10,8 terawattimar (TWh), medan snittet dei siste ti åra er ein nettoeksport på 11,1 TWh.

– Eksporten i 2021 har vore ganske normal, vil eg seie. Eksporten så langt i år er på same nivå som i fjor, då straumprisane var rekordlåge, medan prisane no er rekordhøge, seier kommunikasjonsdirektør Henrik Glette i Statnett til avisa.

Lite vatn i magasina
NVEs vassmagasin statistikk viser at norske vassmagasin no har ei fyllingsgrad på 65 prosent. Medianen på denne tida av året dei siste ti åra har vore 82 prosent. På same tid i fjor var magasinfyllinga på heile 91 prosent.

Sidan veke 26 har magasinfyllinga lege lågare enn medianen, dermed har norske straumprodusentar hatt mindre straum til sals enn vanleg i juli og august.

Meir enn halvert eksport
Tala frå Statnett, som har ansvar for drifta av dei 17 straumsambanda frå Noreg til utlandet, viser at norsk krafteksport minka mykje frå juli til august i år. Det vart eksportert 1,17 TWh kraft i august i år, mot 2,4 TWh på same tid i fjor.

Den norske kraftproduksjonen ligg på rundt 150 TWh årleg. Vasskraft pleier å utgjere omkring 90 prosent av produksjonen.

Publisert: 20.09.2021 09:04

Sist oppdatert: 20.09.2021 09:10