Belysnings-konsernet Glamox held stø kurs, viser rapporten for 2. kvartal frå GLX Holding.
Driftsinntektene gjekk litt ned, medan overskotet auka, viser rekneskapstala (sjå tabellar under).
Konsernet operer justerte tal, mellom anna for EBITDA-resultatet (resultat før av- og nedskrivingar), der enkelte eingongspostar ikkje blir rekna med.
Det enda på 382 millionar kroner etter første halvår – opp frå 343 millionar i same periode i fjor.
Konsernsjef Astrid Simonsen Joos i Glamox opplyser at det er «god fart» i segmentet for marine, offshore og vindkraft – spesielt for havvind og marinefartøy.
Svakare nybyggingsaktivitet gjorde at dette området trakk ned, samanlikna med same periode i fjor.
Ordreinngangen for Glamox i første halvår steig med 12,5 prosent til 2.481 millionar kroner samanlikna med same periode i fjor.
Les heile rapporten her (ekstern lenke)
GLX Holding er et selskap eig av det internasjonale investeringsselskapet Triton, som sitt på ein aksjepost på 76,17 prosent i Glamox-konsernet. GLK Holding konsoliderer hele Glamox-konsernet inn i sitt rekneskap.
Glamox-konsernet har hovudkontoradresse i Molde, medan GLX Holding har adresse i Oslo.
| GLX Holding AS | ||
| 2. kvartal. i mill. kroner | 2025 | 2024 |
| Driftsinntekt | 1106,7 | 1144,5 |
| Driftsresultat | 143 | 88 |
| Resultat før skatt | 59,6 | 13,4 |
| GLX Holding AS | ||
| Per 2. kvartal. i mill. kroner | 2025 | 2024 |
| Driftsinntekt | 2232,9 | 2203,4 |
| Driftsresultat | 281,8 | 162,7 |
| Resultat før skatt | 132,7 | -29,8 |
Publisert: 21.08.2025 13:24
Sist oppdatert: 21.08.2025 13:26






