Eva vinje aurdal 11
REAGERER: Ordfører Eva Vinje Aurdal i Ålesund påpeiker at det er ein alvorleg situasjon kommunen står oppe i. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Melder spisestad for brot på smittevernreglane

Kommunen stenger Toldboden og meiner det er utvist grov aktløyse.

Marius Rosbach
29.04.2021

Ålesund kommune har torsdag avgjort at dei stenger Toldboden-restauranten i Ålesund i ei veke. Bakgrunnen er smitteutbrotet som har oppstått i byen dei siste dagane.

Kommunen melder óg selskapet bak Toldboden til politiet for brot på smittevernreglane., opplyser kommunen i ei melding.

Vi har aldri hatt så mange smitta før i Ålesund. Hovudsakleg er dette smittevegar som stammar frå Toldboden. Vi har også mottatt mange tilbakemeldingar som er urovekkjande i forhold til korleis smittevernet der er blitt ivaretatt, uttalar ordførar Eva Vinje Aurdal i Ålesund og påpeiker at dette er ein alvorleg situasjon.

Det er helga 16-18.- april kommunen meiner at Toldboden har brote reglane.

Kommunen meiner spisestaden har utvist grov aktløyse ved at dei ikkje i tilstrekkeleg grad har fylgd smittevernreglane, og at følgja er at det har utvikla seg til ein alvorleg smittesituasjon.

NRK Møre og Romsdal har vore i kontakt med drivarane av Toldboden som ikkje ønsker å uttale seg om saka. Tidlegare i veka beklaga spisestaden utbrotet til sine gjestar via si Facebook-side.

Publisert: 29.04.2021 19:42

Sist oppdatert: 29.04.2021 23:06

Mer om