Ålesund, Sula og Giske strammar inn
Skjenkestopp og forbod mot arrangement. Fleire verksemder må stenge.
Ålesund kommune innfører lokal forskrift frå midnatt 26. april som følgje av koronautbrotet. Det blei opplyst i ei felles pressekonferanse med Sula og Giske kommunar måndag klokka 15.30.
– Vi oppmodar om ein felles dugnad dei neste knappe to vekene, sa Ålesund-ordførar Eva Vinje Aurdal under pressekonferansen.
Forbod mot skjenking og arrangement
Forskrifta fører til stenging av blant anna treningssenter og aktivitetsparkar, saman med skjenkestopp på alkohol, og forbod mot arrangement. Innstrammingane betyr også at symjehallar og aktivitetsparkar må halde stengt,
I tillegg blir det påbod om heimekontor og bruk av munnbind om ein ikkje kan halde ein meters avstand. Reglane gjeld til 9. mai.
Du kan sjå pressekonferansen på Youtube her (ekstern lenke)
Kommuneoverlege Olav Mestad i Ålesund fortalde at dei opplevde å ha god kontroll fram til onsdag førre veke, men at situasjonen no har endra seg.
Kommunedirektør Astrid Eidsvik i Ålesund påpeika at forskrifta i stor grad er lik forskrifta som var i kraft for få veker sidan. Også ordførarane i Sula og Giske deltok i pressekonferansen.
Les meir om innhaldet her (lenke til Ålesund kommune)
Krisemøte med FHI og statsforvaltaren
Kriseleiinga i Ålesund og dei andre kommunane hadde tidlegare måndag møte med Folkehelseinstituttet (FHI) og statsforvaltaren om kva tiltak som kan settast i verk.
I etterkant har desse vore samla for å vurdere nye smitteverntiltak, før invitasjonen om pressekonferansen blei sendt ut ved 13.45-tida.
Minst 14 nye smitta søndag
Søndag fekk Ålesund kommune meldt inn 14 nye smittetilfelle, der minst ni kan relaterast til utbrotet ved utestaden Toldboden, melder Ålesund kommune.
– Svært mange har no vore smitta og det er ein uoversiktleg situasjon i Ålesund, fortel kommuneoverlege Olav Mestad i ei melding på nettsida til kommunen og ber folk vere merksame på symptom.
To av dei tilsette ved Toldboden er smitta, og det same er ein tilsett ved Dråpen Kaffehus og ein lærar ved Flisnes skule. Også to tilsette i Sunnmørsposten-redaksjonen er smitta, opplyste avisa søndag.
Mange har vore på restaurantar
Sidan torsdag har over 40 personar testa positivt for korona i Ålesund. Dei fleste av desse er relaterte til besøk i restaurantane Anno og Toldboden.
I tillegg har ein tilsett ved Dråpe Kaffehus fått påvist smitte, og kommunen ber no alle som har vore innom, om å vere merksame på symptom.
To dødsfall i april
Måndag opplyser også Helse Møre og Romsdal på sine nettsider, at dei hadde to koronarelaterte dødsfall i april. Føretaket vil ikkje opplyse noko om dei kjønn og alder på avdøde, melder
Tidlegare i år var det òg eit koronadødsfall i helseføretaket. I fjor hadde helseføretaket ingen koronadødsfall.
– Dette seier noko om alvoret som har komme til oss, seier smittevernoverlege Jan Åge Longva til NRK.
Publisert: 26.04.2021 14:12
Sist oppdatert: 26.04.2021 16:25