ESA opnar sak mot Wideroee
MÅ VENTE PÅ AVKLARING: Konkurransetilsynet har varsla ein mellombels stans i Norwegians oppkjøp av Widerøe. Dei fryktar at oppkjøpet vil hemme tilbodet til norske flypassasjerar. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Mellombels nei til Widerøe-kjøp

Konkurransetilsynet skeptisk til Norwegian-bodet. Vil ha meir tid til å vurdere.

15.09.2023

NPK-NTB/NETTNO: Konkurransetilsynet varslar ein mogleg stans av Norwegians kjøp av Widerøe. Dei vil sjå meir på oppkjøpet for å hindre svekt konkurranse.

Norwegian varsla i juli at dei vil kjøpe opp Widerøe, Noregs tredje største flyselskap.

Konkurransetilsynets førebelse vurdering er at eit oppkjøp vil føre til svekt konkurranse i luftfartssektoren.

Nyheita vart først omtalt av E24.

Ny vurdering i novermber
Tilsynet vil likevel ha to månader til på å vurdere saka. Dei vil derfor komme med ei ny vurdering innan 17. november. Då må tilsynet anten godkjenne oppkjøpet eller varsle selskapa om at det kan vere aktuelt å stanse det, ifølgje ei pressemelding frå selskapet.

– Velfungerande konkurranse er avgjerande for at norske flypassasjerar skal ha eit best mogleg tilbod til lågast mogleg pris, seier avdelingsdirektør Gjermund Nese i Konkurransetilsynet.

Administrerande direktør Geir Karlsen i Norwegian seier dei har hatt god og konstruktiv dialog med Konkurransetilsynet.

– Vi tek til etterretning at Konkurransetilsynet ønskjer å bruke litt meir tid på si vurdering av søknaden, og vi ser fram til den endelege avgjerda i saka, seier Karlsen i ei pressemelding.

– Basert på realitetane i saka er eg optimist med omsyn til det endelege utfallet av søknadsbehandlinga, seier Karlsen vidare.

Sævik-familien er medeigar
Widerøe har ein aksjonær, Wf Holding, som i sin tur er eigd av selskapa Flyco (66 prosent) og ferjeselskapet Fjord 1 (34 prosent).

Fjord 1 er eigd 50/50 av Runde Holdco og Havilafjord. Havilafjord er eigd av Per Sævik og familiens holdingselskap, Havila Holding.

Publisert: 15.09.2023 10:22

Sist oppdatert: 15.09.2023 10:22