ESA opnar sak mot Wideroee
NORWEGIAN: Går det som Norwegian og Widerøe-eigarane vil blir Widerøe eit Norwegian-selskap. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Norwegian kjøper Widerøe

Vil betale 1,1 milliard kroner. Fjord1 - med Per Sævik og familien som medeigar - eig ein tredjepart av flyselskapet.

06.07.2023

Widerøe flyg på over 40 flyplassar i Noreg, blant dei Sandane, Ørsta og Vigra. Saman med Norwegian sine innanlands- og utanlands ruter vil det gi eit betre og enklare rutetilbod, og gjere Norwegian og Widerøe til ein enda viktigare del av norsk infrastruktur, skriv Norwegian i ei børsmelding.

Artikkelen er oppdatert.

Planene er at dei to selskapa skal drivast vidare under eigne namn.

Medeigar
Widerøe har ein aksjonær, Wf Holding, som i sin tur er eigd av selskapa Flyco (66 prosent) og ferjeselskapet Fjord 1 (34 prosent).

Fjord 1 er eigd 50/50 av Runde Holdco og Havilafjord. Havilafjord er eigd av Per Sævik og familiens holdingselskap, Havila Holding.

Konkurransetilsynet
Målet er at handelen skal vere i boks i fjerde kvartal i år.

Eitt av vilkåra for at den blir noko av er at Konkurransentilsynet godkjenner at Norwegian blir eigar av Widerøe.

Avinor Hovden Svein-Arne Hovden foto Linn
SOM VANLEG: Lufthamnsjef Svein-Arne Vik trur ikkje oppkjøpet vil påverke passasjerane som reiser frå Hovden. Foto: Linn Solheim

Drift som vanleg
- Vi har ikkje fått så mykje informasjon utover det vi har lest i media i dag, fortel Svein-Arne Vik, lufthavnsjef ved Volda Ørsta Lufthamn Hovden.

- Eg tek det som eit teikn på at ting held fram som vanleg, seier han.

På spørsmål om han trur det kjem til å skje endringar dersom oppkjøpet blir godkjent av Konkurransetilsynet, svarer Vik at han som lufthamnsjef ikkje har noka formeining om akkurat det.

Ny anbudsperiode frå 2024
Vik fortel at Avinor og lufthamna forheld seg til dei som har anbud på rutene, og at det per i dag er Widerøe som opererer flytrafikken frå Ørsta og Volda.

- Det er Widerøe som kjenner kortbanenettet, og sidan merkevarene til Norwegian og Widerøe består, så reknar eg med at ting blir slik som det har vore til no, seier Vik.

I 2024 startar ein ny anbudsperiode, og lufthamnsjefen seier at han går ut i frå at Widerøe er blant dei som har lagt inn anbud på ruta. Han fortel at lufthamna og Avinor vil forhalde seg til dei som vinn anbudet på same viset, og at det i praksis ikkje vil ha så mykje å seie for dei reisande.

105.000 flypassasjerar årleg
Svein-Arne Vik fortel at talet på reisande frå lufthamna har teke seg opp att etter pandemien. I eit normalår er passasjertalet på om lag 105.000, og dagens aktivitetsnivå ligg ikkje langt unna.

I dag er det dagleg 6 avgangar til Oslo, og to til Bergen.

- Næringslivet på Søre Sunnmøre er storbrukarar av flyplassen, og vi er ganske nær normalen før pandemien. Vi har kome oss fort opp att i forhold til andre samanliknbare lufthamner, seier Vik.

Dei siste vekene har flyplassen vore stengd grunna reasfaltering av rullebana, og arbeidet er i rute. Det er ikkje planlagt å utvide flytilbodet etter rehabiliteringa, men Vik seier at dersom det er marknad for det så tek dei gjerne imot fleire avgangar frå lufthamna på sikt.

Positivt med norsk kjøpar
Odd Magne Vinjevoll frå Ørsta Næringskontor er for flyplasspatriot å rekne, og han har i ei årrekke vore ein aktiv deltakar i flyplassaka.

Vinjevoll fortel at han opplever det som positivt at oppkjøpet skjer av eit norsk selskap som kjenner marknaden godt, og trur det vil kome forbrukarane til gode på sikt.

- Det vil nok kunne skape ei meir sømlaus flyreise for passasjerane. Dersom oppkjøpet vert godkjent av Konkurransetilsynet kan det kanskje vere positivt for arbeidet med å få på plass ei rute til Trondheim, seier han.

Publisert: 06.07.2023 09:06

Sist oppdatert: 06.07.2023 17:36