Bøstrand transport foto bøstrand transport 11
OPPRETTHELD LØNSEMDA: Inntektene krympa for Bøstrands-selskap i fjor, men selskapa greidde å oppretthalde lønsemd. Foto Bøstrand Gruppen
Nytt

Merka brems i byggebransjen

Svak betring i år for Bøstrand-selskap.

13.06.2025

Begge dei to hovudselskapa i Bøstrand Gruppen i Ørsta, Bøstrand Transport og Bøstrand Kranservice, fekk kjenne på konsekvensen av redusert aktivitet i byggebransjen i fjor.

For Bøstrand Kranservice er byggebransjen hovudmarknaden, for Bøstrand Transport utgjer oppdrag for byggebransjen 15-20 prosent av driftsinntektene anslår dagleg leiar og eigar Yngve Ose Børstrand.

– Eit tøft år. Vi miste omsetning. Det positive er at vi greidde å oppretthalde lønsemda, seier han om 2024. (sjå tabell)

Selskapa reduserte den aktive bilparken og bemanninga vart redusert ved naturleg avgang.

I år merkar Bøstrand ei lita betring i byggebransjen, samstundes som selskapet sine kunder i andre bransjar går godt. 

Kjøpte ut broren
I 2023 kjøpte Ynge Ose Bøstrand ut broren André Ose Bøstrand og vart eineeigar av Bøstrand Gruppen. I tillegg til Bøstrand Transport og Bøstrand Kran omfattar den no også selskapa Autosenteret Ørsta og Bøstrand.

Selskapa har omlag 70 tilsette og ein bilpark på rundt 50 trekkvogner/bilar.

André Ose Bøstrand er no eigar og leiar for Søre Sunnmøre Gjenvinning og eigedomsselskapet Hovden Næringseiendommer, som tidlegare var ein del av Bøstrand Gruppen.

Bøstrand Transport as  
Tal i mill. kroner20242023
Driftsinntekt94,1104,1
Driftsresultat1,11,1
Resultat før skatt1,01,0
   
Bøstrand Kran as  
Tal i mill. kroner20242023
Driftsinntekt23,928,5
Driftsresultat0,60,8
Resultat før skatt0,50,7

Publisert: 13.06.2025 12:58

Sist oppdatert: 13.06.2025 12:58

Mer om