Olav Fjaellingsdal Sykkylven Bil
Foto. Kjetil Haanes
Nytt

Mest lønsame år nokon sinne

Utfordringa for bruktbilforhandlar Olav Fjællingsdal er å få tak i nok bilar å selje.

21.03.2024

- Heilt fantastisk! Det er det beste året nokon sinne, seier eigar og dagleg leiar Olav Fjællingsdal i Sykkylven Bil om lønsemda i 2023.

Både bilsalet og aktiviteten i verkstaden kasta meir av seg i fjor.

Bruktbilhandlarane i Sykkylven finn hovudtyngda av kundane sine frå Førde i sør til Molde og Kristiansund i nord, men leverer til heile landet.

Bruktbilhandlen og verkstaden blir drive gjennom selskapet Sykkylven Bil medan bensin- og bilvaskstasjon blir drive gjennom selskapet Sykkylven Rekvisita.

Tøffare konkurranse
Tidlegare var det typisk slik at nybilforhandlarar sjølve selde dei nyaste bruktbilane dei tok inn, medan dei litt eldre blei seld til Fjællingsdal og andre bruktbilforhandlarar. No har marknaden endra seg, og nybilfohandlarane har byrja å selje også litt eldre bruktbilar sjølve.

Det skjerpar konkurransen om å ha bilar til kundane.

Så langt ligg 2024 an til å bli eit nytt godt år, men vilkåret for at det skal bli fasiten til slutt er at han klarer å få tak i nok bilar, seier Fjællingsdal.

Stopp for elbil
Det er diesel- og bensinbilar kundane spør etter.

Etterspørselen etter brukte elbilar er svært mager.

- No har vi meir eller mindre kutta det heilt ut, for det sel ikkje, seier han.

Sykkylven Bil as
Tal i mill. kroner20232022
Driftsinntekt39,144,1
Driftsresultat2,20,8
Resultat før skatt2,10,7
Sykkylven Rekvisita as
Tal i mill. kroner20232022
Driftsinntekt38,842,2
Driftsresultat 0,030,3
Resultat før skat0,0020,3

Publisert: 21.03.2024 10:25

Sist oppdatert: 15.08.2024 06:17

Mer om