Metizport Arjan Sydhagen Dalsoren og Herman Brune Leikanger foto
GODT FJORÅR: Dagleg leiar Arjan Sydhagen Dalsøren (tv.), konseptutviklar Herman Brune Leikanger og dei andre i Metizport har lagt bak seg eit svært godt fjorår. Foto: Metizport
Nytt

Metizport med tredobla omsetning på eitt år

At sjefen for e-sport-selskapet er passe nøgd etter fjoråret, seier mykje om ambisjonane.

Marius Rosbach
13.04.2026

Inntektene til Metizport har skote i veret i løpet av det siste året – samtidig som selskapet har snudd underskot til overskot. 

Omsetninga tredobla seg frå knappe fem millionar i 2024, til nær 15 millionar kroner i fjor, viser rekneskapstala til selskapet. Og resultat før skatt gjekk frå minus 2,8 millionar, til eit plussresultat på drygt 350.000 (sjå tabell under).

– Både topplinja og botnlinja kunne vore høgare, seier dagleg leiar Arjan Sydhagen Dalsøren til Nett No om tala. 

Metizport  AS   
Tal i mill. kroner20252024
Driftsinntekt14,85
Driftsresultat0,2-2,9
Resultat før skatt0,4-2,8

Prestasjonar betyr mykje for inntektene
For å forstå den avmålte reaksjonen, hjelper det å kjenne til kva Metizport har oppnådd i løpet av dei siste åra. Klubben frå Herøy har etablert seg på øvste nivå i ein sport i kraftig vekst – og stadig større pengesummar involvert. 

I fjor deltok dei i e-sportens Champions League, som er den mest prestisjefylte turneringa – med betydelege premiesummar. 

Denne gongen hadde ikkje Metizport-laget marginane på si side.

– Mykje av  omsetninga kjem frå performance, eller prestasjonane, til spelarane. Om vi til eksempel hadde gjort det betre i Champions League, så ville det gjort store utslag i økonomien, seier Dalsøren. 

Metizport turnering Brasil Rio April 2024 foto metizport
STOR INTERESSE: Dei største turneringane samlar både titusenvis av publikummarar i fysiske arenaer og millionar som følgjer med online. Her frå ei stor turnering i Brasil. Foto: Metizport

Har sikra fleire viktige avtaler
Metizport-sjefen er likevel svært nøgd med skritta selskapet, eller klubben, har teke det siste året. 

– Vi har klart å tene pengar på primæroppgåvene våre, samtidig som vi har investert i fleire nye prosjekt, seier Dalsøren. 

I løpet dei siste månadene har dei annonsert monitoravtale med Samsung – ein av dei største avtalene målt i kroneverdi, som selskapet har inngått. Dei har óg fortalt om partnarskap med Komplett-kjeda – som Dalsøren har stor tru på. 

– Den avtalen er kjempebra. Planen er å opne senter fleire plassar i Norden, for å styrke oss på gaming-området, seier Dalsøren. 

Tidlegare i år opna også dei også eit senter for gaming på Liv og Røre Moa i samarbeid med Thon Gruppen, som skal vere det første av fleire slike tilbod. 

Har tilsett fleire nye
At Metizport truleg er mellom dei få klubbane i Norden som har positive tal etter fjoråret, er ein ekstra grunn til å vere nøgd. Det gir også grunnlag for å satse vidare.

Den siste tida har dei blitt fleire tilsette. Mellom anna har dei fått på plass ein erfaren CCO frå England, Perry Smith, med erfaring frå F1-miljøet og Esports World Cup. 

Nyleg blei det også klart at Torstein Lund Sperstad frå Oclin melder overgang til Metizport, og startar som creative lead frå juni. Dei har også tilsett Silje Engstrøm som prosjekt og aktivitetsansvarleg lokalt.

– Blir sett på som attraktive
Dalsøren anslår at Metizport i dag har drygt 20 årsverk, fordelt på fast tilsette og spelarar. 

Med betre økonomi og sterkare organisasjon er dei i ein situasjon der det meste er meir trygt og føreseieleg. Dei siktar likevel høgare. Han vil ikkje seie for mykje om dei vidare planane, men avslører at dei er i dialog om betydelege avtaler. 

– Det skjer spennande ting, og vi merkar at vi blir sett på som attraktive å jobbe med i marknaden, seier Dalsøren. 

Bootcamp Metizport foto metizport
«BOOTCAMP»: Speleromet i Myrvåg med det råaste du kan få av pc-ar er Metizport sin «Color Line Stadion». Foto: Metizport

Sikra seg lokale investorar i fjor
Selskapet held til i Myrvåg, der dei også har tilbod for lokal ungdom. Dalsøren ser ingen grunn til at de skal vere noko anna plass. 

– Vi ser føre oss at vi alltid skal vere til stades i Myrvåg, seier han. 

Nett No har tidlegare fortalt at selskapet har sikra seg fleire pengesterke lokale investorar med på laget. 

Det verkar ikkje vere aktuelt for augneblinken. Dalsøren seier dei gjerne er opne for å sjå på moglegheitene som dukkar opp, men at dei er nøgd med eigarstrukturen i dag. 

Publisert: 13.04.2026 09:43

Sist oppdatert: 13.04.2026 09:43

Mer om