Metizport Arjan Sydhagen Dalsoren Herman Leikanger Foto Marius
NY INVESTORAR: Arjan Sydhagen Dalsøren og Herman Leikanger og dei andre i Metizport kom i mål med emisjon og har fått fleire nye investorar på laget. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Lokale investorar satsar på e-sportselskap

Metizport fekk på plass millionbeløp til vidare satsing.

Marius Rosbach
14.02.2025

E-sport-selskapet Metizport i Heræy er i mål med ei kapitalinnhenting på kring seks millionar kroner. 

– Vi fekk inn den type aksjonærar vi var ute etter. Vi ønska oss folk med nettverk og som har fått til ting tidlegare. Det er vi veldig nøgd med, seier dagleg leiar Arjan Sydhagen Dalsøren til Nett No. 

Fleire Bradley-selskap er med
Allereie kort tid etter Herøy-selskapet presenterte seg på Investormatch i haust, var det klart at Rostein-topp Glen Bradley ønska å vere med

– Vi vil også forsøke bidra med vår kompetanse inn i selskapet og den vidare reisa deira, sa Bradley då. 

No er det klart at fleire selskap han er involvert i, går inn med kapital i e-sport-selskapet. Det gjeld Rostein, Salmoserve og GB Value. 

Hareid-selskap investerer 
Hareidsdølingen Anders Lillebø går også inn med eit større beløp i Metizport via eitt av sine selskap. 

Han og familien har selskapet Brakali Group, som mellom anna er på eigarsida i Libra-Plast og står bak satsinga med Millennium Cowork i Hareid sentrum. 

I tillegg går Jote Holding på Stord inn med eit mindre beløp. 

– Også nokre av eksisterande aksjonærar har reinvestert, seier Dalsøren.

Gjorde sitt mest verdifulle spelarsal
Hovudkvarteret til selskapet her på Myrvåg i Herøy. Her har dei resepsjon, kontor og fleire større spelerom.

– Vi skal nytte pengane til å etablere selskapet på eit høgare nivå. Det har vi for så vidt allereie klart, legg Dalsøren til. 

I fjor haust tok spelarane deira 1. plass i både den norske og svenske cupen, og i under VM i Saudi Arabia kapre klubben ein 4. plass.

– I januar gjorde vi også vårt største spelarsal nokon gong, fortel Metizport-sjefen. 

Han vil ikkje vere konkret på kor mykje spelaren «gjekk for», men fortel at det dreiar seg om fleire millionar. 

Snart skal Metizport-spelarane kjempe om deltaking i ei større turnering i Dallas i USA med store pengepremiar. I løpet av året ønsker dei å få med spelarar i den mest prestisjefylte turneringa e-sportens Champions League.

Publisert: 14.02.2025 10:39

Sist oppdatert: 14.02.2025 13:00

Mer om