Metizport foto Olaf Bingen Oclin
VANN PRIS: Herman Leikanger og dei andre i Metizport vann prisen som Årets Nyskaper under Fabelaktig Fredag før helga. Foto: Olaf Bingen/Oclin
Nytt

Metizport vann pris for nyskaping

Har vist at gaming og e-sport kan vere kraftfulle verktøy for inkludering og utvikling.

Marius Rosbach
10.11.2025

Metizport var mellom prisvinnarane under Fabelaktig Fredag-arrangementet i Ulsteinvik fredag. 

Herøy-bedrifta fekk prisen som Årets Nyskaper for sitt arbeid med kulturbygging, samfunnsutvikling og sosial inkludering, heiter det i grunngivinga. 

Selskapet har profesjonelle spelarar som deltek i store turneringar,  samtidig som dei er ein møteplass for under i lokalmiljøet. 

– Dei har etablert både fysiske og digitale møteplassar, og har vist at gaming og e-sport kan vere kraftfulle verktøy for inkludering og utvikling, skriv juryen vidare. 

Lillian Haddal Hans Olav Rovde foto Marius
JOBBMESSE: Lillian Haddal og Hans Olav Rovde frå Green Yard Kleven var mellom bedriftene som stilte på jobbmesse tidlegare på fredagen. Foto: Marius Rosbach

To prisar til Ørsta
Vartdal Plast i Ørsta blei kåra til Ungdomssatsaren 2025. Juryen skriv selskapet har hatt ei heilskapleg og langsiktig satsing på unge under 30 år.

– Som ei moderne industribedrift med høg grad av automatisering, har dei erkjent at framtidig vekst krev ny kompetanse og opplæring. Gjennom samarbeid med lokale skular og lærlingordningar bidreg dei til at ungdom ser industrien som ein naturleg karriereveg – og at også jenter får sjå at dette er eit reelt alternativ, skriv juryen. 

Prisen for Årets Eldsjel gjekk til Ann Turid Egset  som er sosialpedagogisk rådgivar ved Ørsta vidaregåande skule. 

– Vinnaren har i mange år vore ein person som har gjort eit heilt spesielt inntrykk – på ungdom, kollegaer og samarbeidspartar, uttala juryen. 

Fleire hundre deltok på jobbmesse
Tidlegare på dagen var det underhaldning, foredrag og jobbmesse der deltakarane kunne møte drygt 30 bedrifter

Fleire hundre jobbsøkjarar deltok på messa og ein rekke bedrifter fortalde at dei møtte kandidatar som er aktuelle for jobb. 

Publisert: 10.11.2025 10:04

Sist oppdatert: 10.11.2025 15:26

Mer om