Mikael Makinen Aldri sett maken til nedtur
TOK IKKJE NOK I: Mikael Makinen hadde ikkje sett for seg at nedturen som råka Rolls-Royce Marine skulle bli så djup og langvarig. I etterpåklokskapens lys skulle han ønskt han kutta meir i kostnadane i starten.
Nytt

Mikael Makinen: - Aldri sett maken til nedtur

2017 blir det verste året i Rolls-Royce Marine, sett frå dei tilsette si side. Men Rolls-Royce Marine-sjef Mikael Makinen trur kutta i arbeidsstokken som pågår no blir dei siste.

14.02.2017
Rolls-Royce Marine skal kutte rundt 200 stillingar i Noreg, i den siste av fleire nedskjæringar selskapet gjennomfører etter at oljeprisen fall og ordreinngangen tørka inn. Dei tilsette i Noreg har fått tilbod om sluttpakkar, og fristen for å svare er flytta til midnatt i dag.

Når Makinen ser korleis marknaden har utvikla seg skulle han ønskt at han hadde kutta kostnadane meir i første omgang, men han seier han ikkje hadde spådd at nedturen skulle bli så lang og hard som den har blitt. Ein slik nedtur som no har han ikkje sett maken til, seier Makinen.

Siste runde

Hittil har Rolls-Royce Marine delvis levd på orderinngangen frå betre tider. No er lageret av gamle oppdrag brukt opp og det gjer at Makinen reknar med at dei tilsette vil oppleve 2017 som det tøffaste året hittil, sjølv om kanskje selskapet kan få eit betre år enn i fjor.
Men dei kutta som skal gjennomførast no bør halde, meiner han.

- Eg har forsøkt på gjere denne runde til den siste, seier Makinen til NETT NO.

Opptur, men ikkje som den gamle

Makinen brukte store deler av foredraget på Haramskonferansen i dag til å forsikre at Rolls-Royce Marine ser på Noreg som ein heimemarknad, med ei sentral plass i Rolls-Royce si satsing på den maritime marknaden. Rolls-Royce skal bli i Noreg, og marknanden kjem til å ta seg opp att, sa Makinen.
- Dei beste bedriftene vil klarer seg, og vi kjem til å vere ei av dei, seier Makinen.
Men oppturen betyr ikkje at marknaden kjem attende til det den var før oljeprisen fall.
Nedturen i offshorebransjen har tvert i mot sett fart i ei utvikling i retning av delvis eller heilt sjølvstyrte skip, nye skipstypar, nye forretningmodellar i skipsfart, meir bruk av robotar i produksjonen og meir digitalisering som gjer at meir av service og vedlikehald kan utførast frå eit kontrollrom på land.
- 2017 blir eit år for digitalisering, seier Makinen.

Blei for dyrt

Under oppturen gjekk Rolls-Royce Marine i same fella som mange andre, oppdraga strøymde på men kostnadana steig raskare enn inntektene.
2016 enda med eit driftsunderskot på cirka 280 millionar kroner, og Rolls-Royce skreiv ned verdien av marinedivisjonen med cirka to milliardar kroner.

Korrupsjonsbot

Rolls-Royce inngjekk nyleg ei avtale med påtalestyresmaktene i Storbritannia, USA og Brasil, etter å ha vedgått å ha bruk bestikkelsar sidan 80-talet og inn på 2000-talet, for å selge flymotorar.
Avtalen inneber at selskapet betalar ei bot på nesten sju milliardar kroner for å få lagt saka død.

Den saka får også Makinen og Rolls-Royce Marine tilbakemeldinga på, sjølv om korrupsjonen som blei etterforska var knytt til luftfartsdivisjonen.
- Det er klart vi får forklare for kundane, seier Makinen.
Om korrupsjonssaka får ein negativ effekt for marinedivisjonen er det for tidleg å svare på, meiner han. Makinen har vore tilsett i selskapet i tre år.
Eg har forsøkt på gjere denne runde til den siste

Publisert: 14.02.2017 14:32

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:06