Knut flakk energy observer 11
GOD BØRSDAG: To av selskapa der Knut Flakk har store eigarposisjonar, var mellom børsvinnarane tysdag. Verdien av Hexagon Purus og Hexagon Composites steig med nær to milliard i løpet av dagen. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Milliardauke på børsen

Hexagon Purus drog med seg eit anna ålesundselskap til nye høgder – og børsrekord.

Marius Rosbach
10.08.2021

Hydrogenselskapet Hexagon Purus var mellom vinnarane på Oslo Børs tysdag.

Selskapet med hovudkontor i Ålesund steig med nær 18 prosent og aksjekursen enda på 34 kroner.

Oppgangen gir ei auke i børsverdien på nærare halvannan milliardar kroner, og tysdag ettermiddag er selskapet prisa til knappe 7,8 milliardar. Det er likevel langt under rekordnivået frå i vinter, då aksjen blei handla for meir enn 70 kroner.

Eigarselskap fekk draghjelp
Hexagon Composites som er storeigar i Hexagon Purus, fekk også draghjelp på børsen frå hydrogenselskapet. Aksjekursen til Composites-konsernet steig med kring 8,6 prosent og børsverdien auka dermed med kring ein halv milliard.

Hexagon Purus la tidleg tysdag fram resultat for andre kvartal. Det viste dobla inntekter, men framleis tap – slik forventingane har vore.

Ny børsrekord
Tysdag sette samtidig Oslo Børs ny rekord då hovudindeksen steig til 1.154,31, som er ny rekord, ifølgje E24.no. Førre rekordnivå blei sett den 14. juli.

Også to andre «sunnmørsselskap» hadde ein god dag på børsen. Både Artcic Bioscience og tidlegare Axxis Geo Solutions - no Carbon Transition - steig med meir enn seks prosent.

Spillselskapet 5th Planet Games var dagens store vinnar med ei dobling av aksjekursen i løpet av dagen.

Publisert: 10.08.2021 17:05

Sist oppdatert: 10.08.2021 17:19

Mer om