Varslar store Artec Aqua-kontraktar
Har intensjonsavtalar for 4,4 milliardar kroner - og dei aller fleste gjeld dotterselskapet i Ålesund.
Det aller meste av intensjonavtalane til Endúr-konsernet gjeld datterselskapet Artec Aqua i Ålesund, stadfestar finansdirektør Einar Olsen til NETT NO - og konsernet ventar dei blir bindande avtalar innan kort tid.
Artec Aqua designar og prosjekterer landbaserte oppdrettsanlegg, med første byggetrinn av Salmon Evolution sitt landbaserte oppdrettsanlegg i Indre Harøy i Romsdal som sitt hittil største oppdrag.
Hittil i år har Artec Aqua inngått nokon større kontraktar, men det
vil fort endre seg, ventar Endúr, som la fram kvartalsrapporten per 2.
kvartal onsdag.
Milliardavtalar
Endúr har ein ordrereserve på 1,8 milliardar kroner ved utgangen av første halvår.
Dersom alle intensjonavtalar blir til bindande avtalar veks
ordrereserven med 4,4 milliardar kroner til, til 6,2 milliardar kroner.
Det er storparten av desse 4,4 milliardane som gjeld Artec Aqua, ifølgje Olsen.
Grunnleggarane av Artec Aqua - Bjørn Finnøy, Victor Fiveland og Bjørnar Flem - selde selskapet til Endúr-konsernet i 2021.
Prisen var 690 millionar kroner, der halvparten av oppgjeret var i Endúr-aksjar.
Handelen gjorde Finnøy, Fiveland og Flem sitt selskap Artec Holding til største aksjonær i Endùr. Artec Holding eig 27,5 prosent av aksjane i Endúr.
Før børsopning onsdag er Endúr-kursen på 29,20 kroner. Det verdset selskapet til 801 millionar kroner.
Les også
Endúr ASA | ||
1. halvår. I mill. kroner | 2022 | 2021 |
Driftsinntekt | 1249,6 | 778,2 |
Driftsresultat | 44,9 | -40,7 |
Resultat før skatt | 1,8 | -85,7 |
Endúr ASA | ||
2. kvartal. I mill. kroner | 2022 | 2021 |
Driftsinntekt | 637,9 | 542,3 |
Driftsresultat | 27,3 | -7,0 |
Resultat før skatt | 7,8 | -31,8 |
Publisert: 24.08.2022 07:41
Sist oppdatert: 24.08.2022 11:50