Full fart for Artec Aqua
Salmon Evolution-oppdraget gir Endúr-selskapet Artec Aqua meir enn dobling av driftsinntektene.
Arteq Aqua i Ålesund er det største og viktigaste selskapet i det børsnoterte Endúr-konsernet (sjå tabell), og Artec Aqua-grunnleggarane er også største aksjonærar i Endùr.
Artec Aqua teiknar og prosjekterer oppdrettsanlegg på land. Selskapet har oppdraget med å få bygd første byggesteg av Salmon Evolution sitt anlegg i Indre Harøy i Romsdal, og ein prinsippavtale om å bygge andre byggesteg. Det er dette oppdraget som er forklaringa på at Artec Aqua meir enn dobla driftsinntektene i 1. kvartal i år samanlikna med 1. kvartal i fjor, og at også lønsemda ble kraftig betra.
Les også
Børsnedtur
Tidlegare i vår melde Endúr at ein ikkje namngitt kunde hadde kansellert ein kontrakt på 350 millionar kroner med Artec Aqua.
Det slo negativt ut på aksjekursen, som har vore fallande sidan Artec Aqua-grunnleggarane Bjørn Finnøy, Bjørnar Flem og Victor Fiveland selde Artec Aqua til Endur i januar 2021. Hittil i år har kursen falle 39,33 prosent.
Før børsopning i dag er kursen 0,418 kroner per aksje, som verdset selskapet til 574 millionar kroner.
Store forventningar
Det var ein optimistisk konsernsjef Jeppe Raaholt som presenterte 1. kvartalsresultatet i dag.
Endúr har ein ordrereserve på 1,8 milliardar kroner. Når intensjon- og prinsippavtalar, som for andre byggetrinn for Salmon Evolution, blir rekna med er ordrereserven 6,2 milliardar kroner. Selskapet arbeider med prosjekt, som om dei blir til kontrakter, vil utgjere nesten 40 milliard kroner ekstra.
Artec Aqua as | ||
1. kvartal. I mill. kroner | 2022 | 2021 |
Driftsinntekt | 341,4 | 152,5 |
Driftsresultat | 19,8 | 1,1 |
Endúr ASA (konsern) | ||
1. kvartal. I mill. kroner | 2022 | 2021 |
Driftsinntekt | 611,8 | 412,8 |
Driftsresultat | 17,6 | -38,2 |
Resultat før skatt | -6,0 | -60,3 |
Publisert: 13.05.2022 08:19
Sist oppdatert: 13.05.2022 10:00