Milliardkontrakt til Havyard Group
NYE JOBBAR: I løpet av 2018 og 2019 skal Havyard sitt verft i Leirvik levere fem ferjer som Fjord1 skal sette i trafikk på strekningane Hareid-Sulesund og Aursnes Magerholm. Biletet er frå tida då offshorebåtar dominerte ordrebøken til norske verft. No er det ferjer som tel for Havyard Leirvik.
Nytt

Milliardkontrakt til Havyard Group

Skal byggje fem ferjer for Fjord1.

09.06.2017
Havyard har allereie inngått kontrakt om å bygge tre ferjer for Fjord1. Det oppdraget er på rundt ein halv milliard kroner.

No får verftet oppdraget for fem ferjer til, ein kontrakt som er på over ein milliard kroner til saman, i følgje ei børsmelding.
NETT NO anslo i september i fjor at ferjekontrakten ville gi verfta oppdrag for i underkant av ein milliard kroner. Fasiten er altså i overkant av ein milliard.

Artikkelen blir oppdatert

Skrog frå Tyrkia

Alle skroga til både den første og andre kontrakten blir bygde hos skipsverftet Cemre i Tyrkia, i følgje salsdirektør Lars Conradi Andersen i Havyard.
Dei tre første el-ferjene skal vere ferdig utrusta frå Havyard sitt verft i Sogn neste år.
Det første av skroget til fem-ferjerskontraktene kjem i andre kvartal neste år og den siste av dei fem ferjene skal leverast frå verftet i trejde kvartal 2019.
Verftet har og og ein brønnbåt under .

Ferjer på rekke og rad

Frå i fjor sommar og fram til i dag har Fjord1 tinga 13 nye ferjer.
Det kan blir meir.
Selskapet har framleis sju samband i Hordaland der det ikkje er avgjort om det skal byggast nytt eller settast inn brukte ferjer når Fjord 1 går inn i kontraktane.

Heilt elektrisk

Alle dei fem ferjene i kontrakten som er offentlegjort i dag skal gå på batteri, men med dieselmotor i reserve. Dei blir 111 meter lange, med plass til 120 personbilar.
Ferjene blir også utrusta for
Havyard Design & Soultions skal teikne ferjene, Havyard Power & System skal lever blant anna framdriftsystem og bruløysing og Havyard Ship Technology (verftet, red. merk) skal utsturste ferjene.
Alle er ein del av Havyard Group der Per Sævik og hans barn er majoritetseigarar gjennom familieselskapet Havila Holding. Havila Holding er og største eigar i Fjord 1.
Kontrakten som er offentleggjort i dag er eit resultat av at Fjord 1 vann oppdraget med å trafikkerer Hareid-Sulesund og Aursnes-Magerholm fram til og med 2030.

Havila Holding eig 33,34 prosent i Bakkar og Berg Media, som gir ut NETT NO.

Publisert: 09.06.2017 14:32

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:11