Salmon Evolution mai 2024 i anlegget foto Ogne Oyehaug
FORBETRA KOPI: Andre byggesteg på Salmon Evolution sitt landbaserte lakseoppdrettsanlegg blir ein forbetra kopi av det første, som gjer at produksjonskapasiteten blir større. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Milliardoppdrag i vente for Artec Aqua

Pengane Salmon Evolution henta inn i kapitalutvidinga tysdag skal mellom anna gå til Ålesundselskapet Arteq Aqua.

20.06.2024

Akkurat som for første byggesteg er det ingeniør- og prosjekteringselskapet Artec Aqua i Ålesund som står for design og prosjektering av andre byggesteg i Salmon Evolution sitt landbaserte oppdrettsanlegg i Indre Harøy på Romsdalskysten.

Artec Aqua er spesialist på å teikne og prosjektere landbaserte oppdrettsanlegg, og arbeidet med første byggesteg i Indre Harøy er det hittil største oppdraget selskapet har hatt. Artec Aqua er eit datterselskap i det børsnoterte Endúr-konsernet.

Planlegginga av byggesteg to har på gått i lengre tid, men etter sommarferien kjem den fysiske delen av oppdraget i gang.

Ventar på avgjerd
Artec Aqua fekk kontrakten i fjor sommar og arbeidd med teikning og planlegging i lang tid, men Artec Aqua-sjef Ingegjerd Eidsvik vil førebels ikkje kommenterer noko om det vidare arbeidet. Artec Aqua skal stå for anlegget, medan entreprenørselskapet Hent skal stå for bygginga av sjølve bygget.

Grunnen til at Eidsvik er atterhalden er at avtalen frå i fjor har som vilkår at det skal takast ei eiga avgjerd om å starte det fysiske arbeidet med bygge andre byggesteg. Den avgjerda er enno ikkje teken, men Salmon Evolution har tidlegare sagt avgjerda kjem i andre kvartal i år.

Salmon Evolution-sjef Trond Håkon Schaug Pettersen seier "det ligg i sakens natur" at det blir bygging, etter den vellukka kapitalinnhentinga.

- Det for å gjennomføre det vi har tenkt, seier han om poenget med kapitalinnhentinga.

Utvidar kapasiteten
Andre byggesteg er planlagt å koste omlag 2,2 milliardar kroner, men Salmon Evolution har sikra seg finansiering for 2,4/2,5 milliardar kroner, for å ha ein buffer å gå på , ifølgje Salmon Evolution-sjef Trond Håkon Schaug Pettersen.

Då avtalen med Artec Aqua og Hent vart offentleggjort i fjor sommar var andre byggesteg planlagt å koste 1,6-1,7 milliardar kroner.

Målet er å sette ut den første laksen i anlegget i første kvartal 2026 og vere i full drift i andre byggesteg løpet av det året.

Andre byggesteg er i utgangspunktet ein kopi av første byggesteg, men får i tillegg fire mindre tankar der fisk frå selskapet sitt smoltanlegg skal settast ut og vekse frå 130 til 350/400 gram, før den blir sett ut i dei større tankane.

Ved å gjere det på denne måten kan produksjonen i andre byggesteg aukast frå seks til åtte utsett i året. Det vil meir enn doble produksjonskapasiteten samanlikna med produksjonskapasiteten Salmon Evolution har i dag.

Publisert: 20.06.2024 05:00

Sist oppdatert: 19.06.2024 20:43

Mer om