Gevinsten kjem først og fremst frå salet av aksjeposten på 50 prosent i Gas & Diesel Power i Røyken, som i fjor blei kjøpt av Mitsubishi-konsernet sitt nederlandske selskap Mitsubishi Turbocharger and Engine Europe B.V.
Etter eit svakt 2014 sa konsernsjef Stig Ulstein i Ulmatec til NETT NO at selskapet er ope for å selje ut deler av verksemda.
- Vi har vakse fort gjennom oppkjøp, og det er ikkje slik at dagens struktur vil vare for alltid, sa Ulstein.
Kva selskap som er lagt ut for sal vil han ikkje seie meir om, men under Ulmatec-paraplyen ligg to oljeserviceselskap i Stavanger, Ulmatec Well Products og Penetrators Norge.
Ulmatec hadde bokført aksjeposten i Gas & Diesel Power med ein kostpris på 9,2 millionar kroner. Aksjeposten på 55 prosent i Baro Industrieiendom, som også er seld, var bokført til 3,5 millionar kroner og gevinst frå aksjesala var på 23,5 millionar kroner.
Den gevinsten, saman med redusert underskot frå drifta, sikra eit lite overskot for konsernet i 2015. I år blir det betre.
- Vi føler at 2016 ikkje blir så hakkande gale, seier dagleg leiar Stig Ulstein.
Forventningane heng mellom anna saman med større kontrakter utanom oljebransjen, både tilknytt vindkraftproduksjon og avlusningsanlegg til oppdrettsnæringa.
- Vi ser ikkje behov for å gjere ytterlegare nedskrivingar, seier Ulstein.
Dersom nedskrivingane på aksjar blir heldne utanom, hadde konsernet eit positivt driftsresultat i 2015. I 2014 var drifta negativ også om nedskrivingane ikkje blir rekna med.
Det er olje-, og spesielt offshoresektoren som er målgruppa for Ulmatec-konsernet, og nedturen der råka konsernet hardt. Konsekvensen er mellom anna kostnadskutt i fjor og arbeid med nye kostnadskutt i år.
Ulstein Marine Technology vart oppretta i 2000 og konsernet har i dag rundt 300 tilsette.Hovudaksjonærar er Stig Ulstein (Ulmar) med 26,88 prosent, medan Borgstein Invest har 26,39 prosent.
Dei heileigde dotterselskapa Ulmatec Components (metallkonstruksjonar), Cetix Group og Ulmatec Handlings System (utvikling og sal av utstyr og mekanisk arbeid) er dei viktigaste selskapa i konsernet, saman med deleigde Ulmatec Baro (seismikkutstyr) og Ulmatec Pyro (varmegjenvinningsutstyr).
Etter eit svakt 2014 sa konsernsjef Stig Ulstein i Ulmatec til NETT NO at selskapet er ope for å selje ut deler av verksemda.
- Vi har vakse fort gjennom oppkjøp, og det er ikkje slik at dagens struktur vil vare for alltid, sa Ulstein.
Nytt selskap for sal
Det kan bli fleire sal i år. Stig Ulstein seier til NETT NO at Ulmatec har inngått avtale med eit meklarselskap om sal av eit "ikkje lokalt selskap".Kva selskap som er lagt ut for sal vil han ikkje seie meir om, men under Ulmatec-paraplyen ligg to oljeserviceselskap i Stavanger, Ulmatec Well Products og Penetrators Norge.
Ut av Baro Industreiendom også
Gas & Diesel Power teiknar og leverer gass- og dieseldrivne framdriftsmotorar og aggregat, til bruk på skip og på land.Ulmatec hadde bokført aksjeposten i Gas & Diesel Power med ein kostpris på 9,2 millionar kroner. Aksjeposten på 55 prosent i Baro Industrieiendom, som også er seld, var bokført til 3,5 millionar kroner og gevinst frå aksjesala var på 23,5 millionar kroner.
Den gevinsten, saman med redusert underskot frå drifta, sikra eit lite overskot for konsernet i 2015. I år blir det betre.
- Vi føler at 2016 ikkje blir så hakkande gale, seier dagleg leiar Stig Ulstein.
Forventningane heng mellom anna saman med større kontrakter utanom oljebransjen, både tilknytt vindkraftproduksjon og avlusningsanlegg til oppdrettsnæringa.
Auka nedskrivingar
På minusida er nye nedskrivingar i oljeserviceselskapet Penetrators Norge, for 2015 er dei på tre millionar kroner, i 2014 var dei på 8,9 millionar. Ulmatec skriv og ned verdien av aksjane i Cetix Group og Ulmatec Handling system. Medrekna nedskrivinga i Penetrators Norge er nedskrivingane på aksjar på 18 millionar kroner i 2015-reknskapen.- Vi ser ikkje behov for å gjere ytterlegare nedskrivingar, seier Ulstein.
Dersom nedskrivingane på aksjar blir heldne utanom, hadde konsernet eit positivt driftsresultat i 2015. I 2014 var drifta negativ også om nedskrivingane ikkje blir rekna med.
Nye marknadar
I 2014 hadde konsernet eit fall i driftsinntektene på 76 millionar kroner samanlikna med 2013. I fjor auka driftsinntektene, om enn berre litt, og konsernet skriv i årsmeldinga at det i år har inngått fleire store kontrakter utanom offshoresektoren.Det er olje-, og spesielt offshoresektoren som er målgruppa for Ulmatec-konsernet, og nedturen der råka konsernet hardt. Konsekvensen er mellom anna kostnadskutt i fjor og arbeid med nye kostnadskutt i år.
Ulstein Marine Technology vart oppretta i 2000 og konsernet har i dag rundt 300 tilsette.Hovudaksjonærar er Stig Ulstein (Ulmar) med 26,88 prosent, medan Borgstein Invest har 26,39 prosent.
Dei heileigde dotterselskapa Ulmatec Components (metallkonstruksjonar), Cetix Group og Ulmatec Handlings System (utvikling og sal av utstyr og mekanisk arbeid) er dei viktigaste selskapa i konsernet, saman med deleigde Ulmatec Baro (seismikkutstyr) og Ulmatec Pyro (varmegjenvinningsutstyr).
Publisert: 26.07.2016 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:58






