Tysdag blei Nexans sitt nyaste flaggskip døypt på kaia til Ulmatec i Hareid. Det er andre gong Ulstein Verft bygger eit slikt avansert kabelskip til selskapet.
Under dåpen kunne Nexans Norway-sjef Lars Christian Eriksen fortelje at det er gode sjansar til at det blir nok eit nybyggingsoppdrag til Ulstein.
Selskapet har no ein flåte på tre slike fartøy.
– Det er vanskeleg å seie om vi treng tre eller fire skip, men om vi skal få fart på det grøne skiftet, så må vi elektrifisere – og då må ein kunne frakte straum over store avstandar. Då treng du slike båtar som dette, seier han til Nett No.

Sjølv om Eriksen ikkje «delar ut» noko kontrakt i media, legg han ikkje skjul på at Ulstein vil stille sterkt i konkurransen om å bygge nok eit skip.
– Du ser ikkje vekk frå at Ulstein får bestilling på nok eit slikt skip?
– Absolutt ikkje, seier han.
– Ein veldig solid marknad i mange år
Nexans Electra skal ut i oppdrag så snart fartøyet er klart. Då er jobben å legge kablar til ein vindkraftpark i Tyskland.
– Vi ser på dette som ein veldig solid marknad i mange år framover, seier Nexans-sjefen.
Han fortel at leveringstryggleik, tidsbruk og pris er dei viktigaste faktorane dei vurderer når dei avgjer byggeverft.
– Dei to siste gongane vi har gjort dette, så har Ulstein kome ut på topp i våre rangeringar, legg Eriksen til.
– Sikra oss eit godt utgangspunkt
Konsernsjef Gunvor Ulstein er strålande nøgd med at verftet igjen har klart eit nybygg til storkonsernet. Kontraktsverdien er ikkje kjent, men det dreiar seg definitivt om eit oppdrag i milliardklassa.
Det første Nexans-skipet «hamna» hos verftet i 2018, og sørga for godt med arbeid etter det som hadde vore tøffe år for konsernet. Kabelskipet blei levert i 2021.

– Skipet skulle eigentleg byggjast ein anna plass i Europa. Det var utfordrande under covid-perioden, men vi klarte også då å levere under eit nedstengt Norge. Det sikra oss eit godt utgangspunkt for å få oppdraget med neste skipet, legg Ulstein til.
2025-tala for Ulstein Group er ikkje offentlege enno, men ho kan fortelje at også fjoråret blei eit godt år – etter at konsernet i 2024 leverte sitt beste resultat på drygt ti år.
Mellom dei største frå verftet
Det 149,9 meter lange kabelskipet til Nexans er mellom dei største som verftet nokon gong har levert. Det er truleg også det mest komplekse.
Prosjektleiar Runar Toftesund ved Ulstein Verft fortel at fartøyet i tillegg til å vere som eit offshoreskip, har kapasitet til å frakte og legge store mengder kablar – og er utstyrt med kran og handteringssystem for ulike operasjonar på dekk.
– Vi har hatt mykje folk i arbeid frå starten av. Sjølv om det er eit systerskip av det førre, så er det også mykje endringar, seier han til Nett No.

Publisert: 29.04.2026 05:00
Sist oppdatert: 29.04.2026 00:06






