Sunnmøre tingrett foto ogne
OPPBOD: Leiinga i Vestnes-bedrifta melde oppbod til tingretten som opna konkurs førre veke. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Milliongjeld og konkurs etter inntektssvikt

Handel med landbruksutstyr gikk dukken etter mer enn 20 år i bransjen.

Marius Rosbach
21.11.2022

Møre og Romsdal tingrett opna førre veke konkurs i selskapet Tresfjord Landbruk og Fritid etter at leiinga melde oppbod.

Rettspapira viser at selskapet har opparbeida seg ei gjeld på kring 1,2 millionar. Det skal vere verdiar for kring 175.000 kroner og utståande fordringar på drygt 376.000 kroner, har tingretten fått opplyst.

Verksemda er innstilt og dei to som var tilsett, skal vere oppsagde.

Inntekstssvikt og underskot
Vestnes-bedrifta blei starta i 1999 og har drive handel med maskiner og utstyr til jordbruk og skogbruk, i tillegg til fritidsutstyr.

Etter ei årrekke med stabil omsetning på drygt ti millionar, sank inntektene til 5,1 millionar i 2020 og knappe 2,9 millionar i 2021. I fire av dei siste fem rekneskapsåra har drifta gått med underskot.

Fjoråret enda også med eit underskot på meir enn 1,2 millionar kroner, og eigenkapitalen var tapt ved utløpet av året.

Jobba med tiltak
På tidspunktet då rekneskapen blei levert meinte likevel styret og leiinga at det var grunnlag for vidare drift.

I årsrapporten vart det opplyst at det vart jobba løpande med tiltak utover i 2022 for å betre omsetninga og likviditeten.

Advokat Håkon Westad er bustyrar i saka og første skiftesamling er planlagd 21. desember.

Publisert: 21.11.2022 20:14

Sist oppdatert: 22.11.2022 14:35

Mer om