Verft vard innfelt jørund knardal foto marius privat 11
VERFTSLEVERANDØR: Bustyrar Jørund Knardal (innfelt) er kritisk til drifta hos konkursråka Etprofessional, som var underleverandør til verftsindustrien. Kort tid etter konkursen i fjor, blei verksemda ført vidare i eit nytt selskap. R & M Ship Interior har tidlegare opplyst til NETT NO at desse arbeidarane utførte oppdrag for dei ved eit Vard-verft. Foto: Marius Rosbach/privat
Nytt

Meir enn 20 millionar tapt etter konkursar

Snart eitt år etter bustyrar varsla om fleire mulege straffbare forhold, har politiet ikkje sett på saka og tingretten har ikkje vurdert karantene.

Marius Rosbach
09.11.2022

Nyleg vart behandlinga av konkurssaka etter selskapet Etprofessional innstilt fordi det ikkje var midlar i buet til å dekke vidare arbeid.

Nær 60 tilsette stod utan jobb då bemanningsfirmaet gjekk konkurs i fjor haust. Dei polske arbeidarar hadde gjort snekkar-, isolering- og blekkslagararbeid på oppdrag for R & M Ship Interior ved fleire verft, mellom anna Larsnes Mekaniske Verksted her på Nordvestlandet.

Bustyrar kritisk i første rapport
Etter at selskapet gjekk konkurs vart det meldt inn krav på knappe 9,2 millionar kroner som det ikkje er dekning for. Målt både etter omfanget av tapa og talet på tilsette, er konkursen mellom dei mest omfattande i regionen dei siste åra.

Det høyrer med til historia at dei same personane stod bak eit anna selskap - D.k.s. Ship Interior - som gjekk konkurs eit drygt år i forvegen. I den saka var krava på drygt 12 millionar kroner.

Allereie i sin første rapport ein månads tid etter konkursen i Etprofessional, var bustyrar Jørund Knardal kritisk til fleire forhold.

Då skreiv advokaten at det «synest som ein gjentakande konkurs, og der det framstår som selskapa kvittar seg med gjeld for deretter å drive vidare i nytt selskap».

Meir om kritikken frå bustyrar

I den første rapporten i desember 2021 er bustyrar Jørund Knardal kritisk til fleire forhold ved drifta av selskapet Etprofessional. Han viser til manglande utrekning og trekk av skatt, i tillegg til at forskotsskatt ikkje er ført på eige konto. Etter juni 2021 er det berre ført enkelte innbetalingar av skatt og arbeidsgivaravgift.

Skatteetaten og politiet blei orientert om desse moglege brudda på skattelova i desember 2021, ein dryg månad etter konkursen.

Bustyraren er også kritisk til kor lenge selskapet, som var i drift fram til oktober 2021, har dreve på kreditorane si rekning.

I rapporten blir det mellom anna vist til at selskapet som blei starta i mars 2020, skuldar arbeidsgivaravgift tilbake til hausten 2020.

Eigenkapitalen var tapt ved utgangen av 2020, og tapa på det tidspunktet var oppe i meir enn 2,5 millionar kroner.

Informerte politiet og skatteetaten
Kort tid etter rapporten blei laga i desember i fjor, informerte bustyraren skatteetaten med kopi til politiet at det mellom anna var mistanke om brot på skattelova.

Då bad han samtidig om konkurskarantene for styreleiar og dagleg leiar Radoslaw Kolodzinksi.

– Vi har fått beskjed om at det er viktig å ikkje vente til sluttrapporten før vi melder frå om kritikkverdige forhold, mellom anna for at etterforskinga ikkje skal bli forelda, seier Knardal til NETT NO.

Bustyraren minna tingretten på innstillinga om konkurskarantene i sommar.

Ikkje formelt meldt til politiet
Snart eitt år etter bustyraren melde frå om at det var mistanke om fleire straffbare forhold, er det framleis ikkje opna noko etterforsking i saka frå politiet si side. Det opplyser politiinspektør Elin Drønnen i Møre og Romsdal politidistrikt til NETT NO.

Årsaka er at det ikkje er gitt ei formell melding til politiet om saka frå Skatteetaten.

Sjølv om politiet har mottatt ein kopi av orienteringa frå bustyrar, er det som hovudregel slik at politiet ikkje opprettar sak før skattestyresmaktene har gjort sine undersøkingar - og meldt frå om forhold dei meiner er straffebare, opplyser Drønnen.

(saka held fram under)

Larsnes Mek Verksted juni 2022 foto marius 11
LARSNES-VERFT: Dei polske arbeidarar i Etprofessional hadde mellom anna kontrakt med R&M Ship Interior. Molde-selskapet hadde oppdrag på Larsnes Mekaniske Verksted her på Nordvestlandet. Selskapet hadde også adresse - men ikkje lokale i Sande-bygda. Foto: Marius Rosbach

Skatteetaten kommenterer ikkje
Skatteetaten skal vurdere om saka skal meldast til politiet, eller ikkje – men svarar ikkje på spørsmål om konkrete saker får NETT NO opplyst frå vakthavande i pressetelefonen.

Etaten kan difor verken kommentere om saka er under vurdering, eller om det er konkludert med at den ikkje skal meldast til politiet.

Tingretten skal ta stilling til karantene
Når det gjeld spørsmålet om konkurskarantene er Møre og Romsdal tingrett no i gong med å behandle den delen av saka. NETT NO får opplyst frå tingretten at styreleiar og dagleg leiar har frist til 15. november med å legge fram sitt syn på saka. Etter skal tingretten ta ei avgjerd.

Kva som er årsaka til at tingretten ikkje har sett på saka tidlegare, er ikkje kjent. Tingrettsdommar Øyvind Panzer Iversen opplyser at retten ikkje svarar på spørsmål om konkrete vurderingar i saker som er til behandling i domstolen.

Om tingretten endar med å vedta karantene, vil Kolodzinksi få forbod mot å engasjere seg i forretningsverksemd i ei viss periode.

Meiner konkursane er heilt ulike
Styreleiar og dagleg leiar Radoslaw Kolodzinski i Etprofessional har tidligere forklart til NETT NO at det var to heilt ulike situasjonar i dei to konkursane.

Han viste til at dei økonomiske problema i D.k.s.-selskapet oppstod fordi dei ikkje fekk ei større innbetaling frå selskapet Norwegian Marine Interior.

Den påfølgande striden varte i fleire år og tynga selskapet før det enda med konkurs, forklara han til NETT NO i fjor.

Starta nytt selskap
Etter konkursen i Etprofessional har styreleiaren og dei to partnarane frå Etprofessional halde fram med same verksemd i eit nytt selskap med namn Bestteam.

Også dette selskapet formidlar arbeidarar til verftsindustrien. Dei fekk i løpet av kort tid oppdrag for Molde-firmaet R & M Ship Interior som underleverandør til Vard.

Bestteam-selskapet leverte i sommar eit rekneskap for 2021, som viste eit overskott på drygt 400.000 kroner av ei omsetning på knappe 3,6 millionar.

Publisert: 09.11.2022 05:00

Sist oppdatert: 02.01.2023 12:29

Mer om