Når steinhaugane bak den digre verkstadshallen er borte er det plass til to store industrihallar, der det før berre var berg.
Investor og lystbåtentusiast John Olav Lefdal kjøpte verftet og verftsområdet for åtte år sidan. Etterpå har han lagt ned mange millionar og mykje arbeid i å få fart på området att.
På topp var det ein av dei største arbeidsplassane i Eid kommune. Rundt 200 personar henta levebrødet sitt frå å bygge skip her.
Resten av hallen brukar Lefdal sjølv, til båthotell. Rundt 30 båtar reknar han med å ha i vinteropplag her denne sesongen.
Ved inngangen til området har Nordfjord Betong sett opp anlegg for betongproduksjon og leigd seg inn for 30 år.
Etterpå har han investert 10-15 millionar kroner i anlegget, mellom anna i å sprenge ut fjell, fylle ut i sjøen og starta bygginga av det som skal bli ei 200 meter lang djupvasskai.
Lefdal leigde ut veftet til det konkursråka Blålid-verftet i Måløy bygde brønnbåt på Løkjaneset, og var seinare medeigar då selskapet Nor Marine bygde småbåtkaier. Her gjekk det alt i alt med rundt 10 millionar, anslår Lefdal.
Han ser for seg fleire typar tungindusti, frå bygging av større betongkonstruksjonar, til store bruelement i stål til dei komande flytebruene langs norskekysten. Ein retur for skipsbygging/skipsreparasjon i hallen er heller ikkje utenkleg.
Med djupvasskaia på plass kan anlegget og bli ei avlastningkai for cruisehamna i Olden, og vere eit utgangspunkt for fleire nye tilbod til cruiseturistane i heile Nordfjord.
- Eg har interesse av å skape arbeidsplassar i Nordfjord, seier Lefdal.
I staden for å bruke pengar på brakkerigg til dei som arbeidde på verftet i starten, enda Lefdal med å kjøpe det nedslitne Hoddeviks hotell (no Bryggen Hotel Nordfjord). Medrekna oppussing var det ein investering på rundt 25 milllionar.
Alt i alt reknar han med å ha investert 75 millionar kroner i Eid sidan han flytta verksemdene sine frå Stryn til Eid i 2006.
Han har samla lystbåtane og alle sine andre verksemder i Lefdal Invest-konsernet.
Sjølv om båtsalet gir mest publisitet er det grossistselskapet Nor-Drikk som er den største verksemda i konsernet.
Gjennom konsernet er han også eigar av Bryggen Hotel Nordfjord og Nordfjord Serviceterminal i Olden.
Les meir om grossistverksemda og lystbåtsalet under Relaterte saker.
Investor og lystbåtentusiast John Olav Lefdal kjøpte verftet og verftsområdet for åtte år sidan. Etterpå har han lagt ned mange millionar og mykje arbeid i å få fart på området att.
På topp var det ein av dei største arbeidsplassane i Eid kommune. Rundt 200 personar henta levebrødet sitt frå å bygge skip her.
Kraftliner og båthotell
Nett no er mykje av uteområdet og store deler av verkstadshallen leigd ut det det italienske enterprenørfirmaet som byggjer ny kraftleidning mellom Ørskog og Sogndal.Resten av hallen brukar Lefdal sjølv, til båthotell. Rundt 30 båtar reknar han med å ha i vinteropplag her denne sesongen.
Ved inngangen til området har Nordfjord Betong sett opp anlegg for betongproduksjon og leigd seg inn for 30 år.
Kjøpte for 5,5 millionar
Sjølve tomta og anlegget fekk Lefdal kjøpe for 5,5 millionar kroner.Etterpå har han investert 10-15 millionar kroner i anlegget, mellom anna i å sprenge ut fjell, fylle ut i sjøen og starta bygginga av det som skal bli ei 200 meter lang djupvasskai.
Lefdal leigde ut veftet til det konkursråka Blålid-verftet i Måløy bygde brønnbåt på Løkjaneset, og var seinare medeigar då selskapet Nor Marine bygde småbåtkaier. Her gjekk det alt i alt med rundt 10 millionar, anslår Lefdal.
Ny tungindustri
Etterkvart vonar Lefdal at Løkjaneset på ny skal bli ein stor arbeidplass.Han ser for seg fleire typar tungindusti, frå bygging av større betongkonstruksjonar, til store bruelement i stål til dei komande flytebruene langs norskekysten. Ein retur for skipsbygging/skipsreparasjon i hallen er heller ikkje utenkleg.
Med djupvasskaia på plass kan anlegget og bli ei avlastningkai for cruisehamna i Olden, og vere eit utgangspunkt for fleire nye tilbod til cruiseturistane i heile Nordfjord.
- Eg har interesse av å skape arbeidsplassar i Nordfjord, seier Lefdal.
75 millionar i Eid
Kjøpet av verftet på Løkjaneset for åtte år sidan førde til fleire investeringar i Eid.I staden for å bruke pengar på brakkerigg til dei som arbeidde på verftet i starten, enda Lefdal med å kjøpe det nedslitne Hoddeviks hotell (no Bryggen Hotel Nordfjord). Medrekna oppussing var det ein investering på rundt 25 milllionar.
Alt i alt reknar han med å ha investert 75 millionar kroner i Eid sidan han flytta verksemdene sine frå Stryn til Eid i 2006.
Båtentuasiast
John Olav Lefdal er mest kjend som leverandør av kostbare lystbåtar, og har ei rekkje velståande kundar frå Norge og utlandet på kundelista.Han har samla lystbåtane og alle sine andre verksemder i Lefdal Invest-konsernet.
Sjølv om båtsalet gir mest publisitet er det grossistselskapet Nor-Drikk som er den største verksemda i konsernet.
Gjennom konsernet er han også eigar av Bryggen Hotel Nordfjord og Nordfjord Serviceterminal i Olden.
Les meir om grossistverksemda og lystbåtsalet under Relaterte saker.
Eg har interesse av å skape arbeidsplassar i Nordfjord
Publisert: 19.09.2014 06:29
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:38