Om ein ser isolert på resultata til simulatorselskapa til OSC i Ålesund i fjor, kan ein tru at dei slit i kraftig motgang.
Slik er det ikkje, forsikrar simulatorsjef Joel Mills.
– Resultata er som planlagt. Vi investerer no i utvikling av ein programvareteneste for byar og havområde saman med investorane våre, fortel Mills til Nett No.
– Utviklingsarbeid tek tid og kostar pengar
Rekneskapane viser at inntektene fall og underskota auka kraftig for alle dei tre selskapa; OSC As, Augmentcity og OSC Simulatorutleie Ålesund.
I fjor enda dei samla inntektene til OSC-selskapa kring 54 millionar kroner – ein nedgang frå kring 80 millionar året før (sjå tabellar under). Det kjem av same årsak: Dei prioriterte utviklingsarbeid.
– Utviklingsarbeid tek tid og kostar pengar. Det gjorde også at vi hadde mindre ressursar til å ta på oss andre prosjekt, og derfor blei inntektene redusert i fjor, fortel Mills.
(saka held fram under)
OSC AS
| Tall i mill. kroner | 2024 | 2023 |
| Driftsinntekter: | 45,2 | 65,5 |
| Driftsresultat: | -8,1 | -9,3 |
| Resultat før skatt: | -18,3 | -9,5 |
Augmentcity AS
| Tall i mill. kroner | 2024 | 2023 |
| Driftsinntekter: | 7,5 | 11,9 |
| Driftsresultat: | -6,9 | -2,9 |
| Resultat før skatt: | -7,4 | -2,9 |
OSC Simulatorutleie Ålesund
| Tall i mill. kroner | 2024 | 2023 |
| Driftsinntekter: | 2,3 | 5,6 |
| Driftsresultat: | -3,3 | -0,5 |
| Resultat før skatt: | -3,4 | -0,8 |
Prisløna styreleiar
Mills påpeiker at deira løysingane for digitale tvillingar og simuleringar er mellom dei mest avanserte i verda.
– Merksemda vårt er ikkje på topplinja, eller kostnader – men framtidige gjentakande inntekter – som alle store internasjonale tech-selskap, legg han til.
OSC har også fått på plass ein ny styreleiar, Ingelin Drøpping, etter Jan Emblemsvåg – som ville bruke meir av tida si til å jobbe med kjernekraftprosjekt.
Drøpping blei tidlegare i år kåra til Årets styrekvinne, og har leiarerfaring frå selskap som Telenor og Kongsberg Gruppen.

– Mogleg å ta dette til ein langt større marknad
I samband med 20-årsmarkeringa i fjor haust, fortalde Mills at dei hadde kapitalen dei trengte på plass for dei neste par åra.
Simulatorsjefen seier det er solide investorar som gjer satsinga mogleg.
– Dei ser korleis det er mogleg å ta dette til ein langt større marknad med gjentakande inntekter frå teknologien. Vi rekrutterer dei beste talenta, og er på ei spennande reise.
– Det vil ta litt tid, men vi har full tillit frå investorane - og til at oppsida vil vere verdt innsatsen, legg Mills til.
Nett No har tidlegare fortald at OSC vurderer å etablere seg internasjonalt, og har fått hjelp frå Innovasjon Norge til å vurdere moglegheitene i USA.
Publisert: 16.05.2025 10:39
Sist oppdatert: 16.05.2025 12:01






