Joel Mills Siri Hatloy OSC foto Marius
SIMULATORVEKST: OSC-sjef Joel Mills og leiar for forretningsutvikling Siri Hatløy fortel at byplanlegging er mellom vekstområda. Mobilitet av folk i Oslo er mellom oppdraga dei har jobba med. Her er dei inne i den store simulatoren på NMK med hovudstaden i bakgrunnen. Foto: Marius Rosbach
Nytt

OSC vurderer å etablere seg internasjonalt

Byplanlegging og vindkraft er store vekstområde for simulatorselskap som feirar 20 år.

Marius Rosbach
29.11.2024

Simuleringsselskapet OSC markerer denne veka at det er 20 år sidan dei starta opp. 

Torsdag samla dei kundar, samarbeidspartnarar og andre interesserte til simulatorkonferanse på Norsk Maritimt Kompetansesenter (NMK) i Ålesund. 

– Vi er i ein skikkeleg vekstfase og fekk inn nye investorar tidlegare i år. Det gjer at vi har kapitalen vi treng dei neste par åra. Vi har også investorar som vil vere med i neste fase, seier OSC-sjef Joel Mills til Nett No. 

Vurderer å etablere seg i utlandet
OSC, tidlegare Offshore Simulator Centre, starta som eit selskap som tilbaud simulering av offshoreoperasjonar for olje- og gassbransjen. 

Teknologien er utvikla vidare til bruk på fleire områder. 

OSC konferanse folk NMK november 2024 foto Marius
KONFERANSE: Torsdag arrangerte OSC konferanse på NMK i Ålesund der deltakarane fekk teste teknologien sjølv. Foto: Marius Rosbach

I dag er OSC 64 eigne tilsette, men behovet framover er større. 

Mills fortel at dei skal hente minst 15 til 20 nye tilsette i løpet av det neste året. Dei er allereie ein internasjonal organisasjon med folk frå 17 ulike nasjonar. 

Samtidig jobbar dei med eit alternativ som kan innebere ein ekspansjon internasjonalt. 

– Vi har allereie folk som jobbar for oss fleire andre plassar i verda. Det kan vere at vi vil gjere det meir formalisert, men er noko vi vil vurdere framover og kome tilbake til, seier simulatorsjefen. 

Nett No har tidlegare omtala at selskapet har fått hjelp frå Innovasjon Norge til å utforske moglegheitene for å etablere eit USA-kontor.

Veks på byplanlegging og vindkraft
Store aktørar som Equinor, Eviny og OBOS er mellom kundane i Norge. 

Siri Hatløy som leiar forretningsutviklinga til OSC, fortel at det er to marknader som skil seg ut med stor etterspurnad. 

Det er byplanlegging og havvindindustrien. Og det er marknader der det skjer svært mykje internasjonalt. 

Også offentlege aktørar i andre land er ein veksande marknad. 

Ho fortel at dei mellom anna jobbar med styresmaktene i den engelske byen Manchester. Der er fare for flaum mellom områda dei er svært interessert i å kartlegge. 

OSC konferanse NMK november 2024 foto Marius
OFFSHORE: Ved hjelp av verktøyet til OSC kan ein teste ein lang rekke ulike type operasjonar. Her demonstrerer Brian Brackx frå Deme Group bruk av kran for å overføre last til eit offshoreskip. Foto: Marius Rosbach

Verktøya blir enklare å bruke
Simulatorsjef Mills fortel at verksemda til selskapet også er i endring, fordi verktøya blir enklare å bruke. Det gjer at dei blir meir og meir eit programvareselskap, framfor å drive utvikling.  

– Vi tek noko som er veldig komplisert, og legg det fram på ein måte som er forståeleg for folk flest. Om du forstår korleis du bygger lego, så kan du lage simuleringar, fortel han. 

Under torsdagens konferanse fekk deltakarane ei rekke konkrete eksempel på korleis simuleringsteknologien er teke i bruk.

I tillegg vart det tid til demonstrasjonar i simulatorane og digitale tvillingar som er utvikla. Dei som ville, fekk også teste VR-briller og anna teknologi.

– Vi har jobba med dette i 20 år, og det er eigentleg den same teknologien og filosofien vi har hatt heile tida. Noko av det vi viser her i dag, er at kundane kan ta sine dataark og mate dei inn i våre verktøy på eiga hand, legg Hatløy til. 

Publisert: 29.11.2024 05:00

Sist oppdatert: 28.11.2024 22:32

Mer om