Statt torsk rekvika foto statt torsk 111
MINUS: Statt Torsk produserer mindre fisk og får dårlegare betalt enn venta. Foto: Statt Torsk
Nytt

Mindre torsk og lågare pris

Første halvår gjekk ikkje som venta for Statt Torsk.

14.08.2023

Frå selskapet sitt oppdrettsanlegget i Rekvika på nordsida av Stadlandet er det slakta til saman 2920 torsk (levande vekt). Der er produksjonssyklusen no avslutta. I andre kvartal vart det slakta 280 tonn mindre enn venta, som gav eit tap på sju millionar kroner i 2. kvartal.

På anlegget ved Stokkeneset auka dødlegheita, førebels utan at selskapet har funne årsaka. Det gav eit tap på 2,5 millionar kroner i 2. kvartal og to millionar kroner i juli.

Statt Torsk fekk 37,40 kroner kiloen (levande vekt) for torske i 2. kvartal. I første halvår var gjennomsnittprisen 26,90 kroner. Det er langt under kva selskapet hadde venta og årsaka til at selskapet i mai i år skreiv ned verdien av fisken hadde i sjøen med 47 millionar kroner.

Tidlegare i august varsla Statt Torsk at selskapet har starta ei såkalla "strategisk vurdering " av korleis det skal drive vidare etter dei store tapa.

Det handlar både om å sikre finansiering på kort og lang sikt, og opnar både for ei ny kapitalutviding og samanslåing med andre aktørar eller sal til nye investorar.

Statt Torsk ASA

1. halvår. I mill. kroner

20232022
Driftsinntekt78,88,6
Driftsresultat-20,4-14,7
Resultat før skatt-23,3-15,3
Statt Torsk ASA
2. kvartal. I mill. kroner20232022
Driftsinntekt42,20,7
Driftsresultat -18,1-7,7
Resultat før skatt-19,5-8,1

Publisert: 14.08.2023 10:03

Sist oppdatert: 14.08.2023 10:03

Mer om