Minus for Broedrene Aa konsernet
TVANGSSAL: Salet av eit slikt skrog var med og trekte ned resultatet til Brødrene Aa i fjor.
Nytt

Minus for Brødrene Aa-konsernet

Flaum i fabrikken og eit skrog som ikkje var betalt drog ned resultatet til Brødrene Aa ifjor.

05.10.2020

Eit styrtregn sommaren 2019 gjorde at elva i fjellsida bak båtbyggeriet til Brødrene Aa i Hyen fløymde over og gjekk rett gjennom fabrikken.

-Store deler av elva gjekk ein periode rett inn i anlegget vårt, sa medeigar og dagleg leiar Tor Øyvin Aa i Brødrene Aa rett etter flaumen.

Elva gjekk inn i andre etasje i verkstaden og drog med seg store steinar, grus og sand. Etter eit stund braut cirka 200 kvadrameter av golvet saman og rasa ned i første etasje. Rett etter flaumen anslo dagleg leiar Tor Øyvin Aa at var snakk om skadar for tilsaman mellom 30 og 50 millionar kroner.

Flaum og tvangssal
Saman med tap på tvangssal av bygg nummer 280 var flaumen med på å trekkje resultatet ned for konsernet, i følgje årsmeldinga for 2019. (Sjå resultat-tabell til høgre. På mobil finn du den nederst på sida)

Bygg nummer 280 var strukturen til ein hurtiggåande lystyacht som Brødrene Aa bygde på oppdrag frå yachtbyggjaren Palmer Johnson i USA. For Brødrene Aa var det ein kontrakt på omlag 40 millionar kroner.

Problemet oppsto då det amerikanske selskapet og båtkjøparen i Liberia ikkje vart samde, og båtbygginga vart kansellert. Alt i 2016 tok Brødrene Aa arrest i skroget, og i fjor var det seld på tvangssal.

Kinesisk medeigar
Konsernet Brødrene Aa Eiendom eig 59,3 prosent av Brødrene Aa. Resten av aksjane er eigd av det kinesiskeigde selskapet CKS Investment Norway.

Konsernet omfattar mellom anna hurtigbåtverftet i Hyen og medeigarskap eit hurtigbåtverft i Kina.

Det kinesiske verftet hadde offisiell opning i november i fjor.

Konsernet sysselsette 203 årsverk i 2019.

Publisert: 05.10.2020 12:51

Sist oppdatert: 27.10.2021 10:57