Hans Petter Selstad
BETRE I ÅR: Etter eit tøft 2024 har ordreinngangen til Selstad-konsernet aldri vore høgare enn hittil i år. Hans-Petter Selstad er dagleg leiar og største aksjonær i Måløy-konsernet. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Minus for Selstad-konsernet

Brems i både fiskeri- og oppdrettsmarknaden.

28.07.2025

Etter meir enn dobling av inntektene frå 2019 til 2023 butta det i mot for Selstad Holding-konsernet i fjor.

2024 var eit krevande år med nedgang i fiskekvotane og ei oppdrettsnæring som framleis var tilbakehalden med investeringane, seier dagleg leiar og største aksjonær Hans-Petter Selstad i Selstad Holding i Måløy.

Selstad-konsernet lagar garn og nøter, tauverk og anna utstyr for oppdrettsnæringa og fiskerinæringa. I tillegg er det også leverandør til offshore-bransjen. Etter fleire oppkjøp passerte selskapet en milliard kroner i driftsinntekt i 2021 og nådde nesten 1,2 milliardar kroner i 2023. 

I fjor fall inntektene over 200 millionar kroner samanlikna med året før, og konsernet gjekk med underskot for første gang sidan konsernselskapet vart etablert i 2014. I tillegg til inntektsfallet medverka store goodwill-nedskrivingar til at det blei underskot. (Nedskrivingar av verdien av selskapet kjøpt over bokført verdi). Utan dei nedskrivingane ville resultatet vore fire-fem millionar kroner i pluss, seier Selstad. 

Rekordstor ordreinngang
Fordelen for Selstad-konsernet er at konsernet produserer varer fiskarane og oppdrettrane må ha for å drive. 

Investeringar kan utsettast, men ikkje avlysast. På eit tidspunkt må utstyret fornyast og det er ei av årsaken til at Selskad-konsernet hittil i år har hatt ein rekordstor ordreinngang. 

Store oppkjøp
Selstad Holding vart eit milliardkonsern gjennom to store oppkjøp.

I 2020 kjøpte Selstad ut sin mangeårige partnar i den islandske fiskevegnprodusenten Isfell. I 2021 kjøpte selskapet aksjemajoriteten i den skotske fiskevegnprodusenten W & J Knox.

I tillegg til hovudkontor og anlegg i Måløy har selskapet avdelingar frå Tromsø i nord til Sotra i sør. I utlandet er konsernet på plass i Skottland, Island, Færøyane og i USA og Sør-Afrika.

Selstad Holding as (konsern)  
Tal i mill. kroner20242023
Driftsinntekt968,61182,1
Driftsresultat17,260,8
Resultat før skatt-21,620,9

Publisert: 28.07.2025 14:22

Sist oppdatert: 22.08.2025 13:41

Mer om