Doblar Selstad på to år
Kjøper skotsk fiskevegnprodusent. Blir milliardselskap.
I fjor kjøpte Selstad ut sin mangeårige partnar i den islandske fiskevegnprodusenten Isfell. No kjøper selskapet aksjemajoriteten i den skotske fiskevegnprodusenten W & J Knox.
Kjøpesum og nøyaktig kor stor eigarandel Selstad-konsernet får er ikkje opplyst.
Til saman gjer kjøpa i Island og Skottland at Selstadkonsernet går frå knappe ein halv milliard kroner i driftsinntekter i 2019 til å passere ein milliard kroner i driftsinntekter i år, fortel Selstad-sjef Hans Petter Selstad.
Like stor ute som heime
W & J Knox har 70 tilsette og medrekna inntektene frå det skotske selskapet aukar Selstad-konsernet andelen av inntekter frå utlandet til omlag halvaprten av dei samla inntektene til konsernet.
Det er fleire selskap i fiskevegnbransjen som satsar på å vekse gjennom oppkjøp og samanslåingar.
Selstad-konsernet har også hatt friarar på døra, men alltid takka nei, fortalde Hans Petter Selstad til NETT NO i august 2018.
Tøff konkurranse
Konsolideringsbølgja og vekststrategien til fleire av dei store aktørane som lagar nøter, garn, liner og anna utstyrt til oppdrett og fiskeri har sette marginane under press.
- Det er tøff marginpress og det er sterk konkurranse. Det at både vi og andre ønskjer å slåst om marknadsandelar gjer at det blir slik, sa Mørenot-sjef Arne Birkeland til NETT NO i 2019.
Les også
Publisert: 01.03.2021 13:54
Sist oppdatert: 01.03.2021 14:46