Driftsinntektene for Sunnmørsbadet Fosnavåg krympa med over 900.000 kroner frå 2017 til 2018, og enda på 11,2 millionar kroner i fjor (sjå tabell).
Selskapet driv badelandanlegget i Herøy. 2018 blei det tredje året på rad med underskot. Resultatet før skatt i åra 2016-2018 er til saman minus 3,2 millionar kroner og selskapet har ein negativ eigenkapital på 1,7 millionar kroner.
Medan det var finanskostnadane som trekte resultatet over på minussida i 2017, gjekk også sjølve drifta i minus i fjor - med 1,1 millionar kroner.
Avskrivingane var på 1,6 millionar kroner, som betyr at selskapet har eit positivt driftsresultat før avskrivingar.
I tillegg har Herøy kommune utvida bruken av anlegget ved at elevane i indre Herøy får symjeundervisninga der i staden for i bassenget ved Stokksund skule.
Om inntektene frå desse ekstra oppdraga hadde vore til stades også i 2018 anslår Sortehaug at selskapet hadde hatt eit resultat i balanse.
Herøy kommune har forskottert for enno ikkje utbetalte tippemidlar til anlegget, og det er denne forskotteringa som er ført som ei kortsiktig gjeld.
Styret meiner det er grunnlag for vidare drift, og legg til grunn for den vurderinga at kommunen vil gjere om det kortsiktige lånet til eit ansvarleg lån.
Men i slutten av 2017 opna nabokommunen Ulstein sitt badelandanlegg i fleirbruksbygget Ulstein Arena. Den nye konkurrenten gjorde at Sunnmørsbadet Fosnavåg budsjettere med 30 prosent nedgang i inntektene i 2018.
Fasiten blei åtte prosent nedgang, langt mindre ille enn venta, mellom anna på grunn marknadsføring mot nye kundar.
- Vi har mist dei fleste badegjestane frå Ulstein og Hareid, men vi har fått nye frå andre stader, sa Sortehaug til NETT NO i oktober 2018.
Selskapet driv badelandanlegget i Herøy. 2018 blei det tredje året på rad med underskot. Resultatet før skatt i åra 2016-2018 er til saman minus 3,2 millionar kroner og selskapet har ein negativ eigenkapital på 1,7 millionar kroner.
Medan det var finanskostnadane som trekte resultatet over på minussida i 2017, gjekk også sjølve drifta i minus i fjor - med 1,1 millionar kroner.
Redusert gjeld
Selskapet har ei samla gjeld på 50,3 millionar kroner, ned frå 55,4 millionar kroner i 2017.Avskrivingane var på 1,6 millionar kroner, som betyr at selskapet har eit positivt driftsresultat før avskrivingar.
Balanse i år
Dagleg leiar Karl-Petter Sortehaug i Sunnmørsbadet Fosnavåg seier selskapet har inngått kontrakt med Høgskulen i Volda frå komande skuleår og ut 2020. Symjebassenget i Volda vart stengt tidlegare i år, og Høgskulen flyttar symjeundervisninga til Sunnmørsbadet Fosnavåg.I tillegg har Herøy kommune utvida bruken av anlegget ved at elevane i indre Herøy får symjeundervisninga der i staden for i bassenget ved Stokksund skule.
Om inntektene frå desse ekstra oppdraga hadde vore til stades også i 2018 anslår Sortehaug at selskapet hadde hatt eit resultat i balanse.
Reknar med støtte
I følgje årsmeldinga til selskapet har styret gjort framlegg til majoritetseigaren Herøy kommune om at ei kortsiktig gjeld på 3,1 millionar kroner blir gjort om til eit ansvarleg lån med prioritet etter all anna gjeld for å "gjenopprette et forsvarlig egenkapitalfundament", i følgje årsmeldinga til badelandselskapet.Herøy kommune har forskottert for enno ikkje utbetalte tippemidlar til anlegget, og det er denne forskotteringa som er ført som ei kortsiktig gjeld.
Styret meiner det er grunnlag for vidare drift, og legg til grunn for den vurderinga at kommunen vil gjere om det kortsiktige lånet til eit ansvarleg lån.
Konkurranse
Då det nye badelandanlegget i Herøy opna i 2015 var det utan konkurranse på Søre Sunnmøre.Men i slutten av 2017 opna nabokommunen Ulstein sitt badelandanlegg i fleirbruksbygget Ulstein Arena. Den nye konkurrenten gjorde at Sunnmørsbadet Fosnavåg budsjettere med 30 prosent nedgang i inntektene i 2018.
Fasiten blei åtte prosent nedgang, langt mindre ille enn venta, mellom anna på grunn marknadsføring mot nye kundar.
- Vi har mist dei fleste badegjestane frå Ulstein og Hareid, men vi har fått nye frå andre stader, sa Sortehaug til NETT NO i oktober 2018.
Publisert: 22.07.2019 10:15
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:37