Vard opplyser at den eine milliardkontrakten som blei meldt på slutten av 2023, var med det svenske selskapet NKT HV Cables.
Skroget til skipet skal byggjast ved Vard Tulcea i Romania. Skipet skal bli utrusta ved eit av Vard sine norske verft.
Kontraktsverdien er på 200-250 millionar euro - eller kring 2,3 til 2,9 milliardar norske kroner.
Det er truleg mellom dei mest kostbare skipa Vard-konsernet har hatt i ordrebøkene nokon gong.
Skal leverast i slutten av 2026
NKT HV Cables lagar og installerar komplette løsninger for strømkabler og har hovudkontor i Karlskrona i Sverige. Dei er del av det danske NKT-selskapet som er børsnotert på København-børsen.
Roy Arne Stavik i sals- og marknadsavdelinga til Vard uttaler i meldinga at Vard har etablert seg som den leiande leverandøren i marknaden for kabelskip.
Konsernet ventar å levere skipet til avtalt tid i fjerde kvartal 2026. Skipet blir designa av det norske selskapet Salt Ship Design.
Tre milliardkontraktar på ti dagar
I desember melde verftskonsernet om heile tre milliardkontraktar på nybygg. Eit kabeleggingsfartøy og eitt kombinert kabellegging- og konstruksjonsskip.
Det var også den fjerde avtalen om å bygge eit slike type skip, som kom inn i ordreboka i løpet av 2023.
Dermed sikra norske skipsverft seg nye oppdrag for nær 20 milliardar kroner i fjor. Det er langt over nivået i 2022 - då dei fekk nye oppdrag for kring 10 milliardar.
Publisert: 15.01.2024 09:40
Sist oppdatert: 15.01.2024 09:40