Rekordaar for Marina Solutions
MINUSÅR: Etter fleire år med vekst og rekordoverskot, vart det raude tal for Marina Solutions og dagleg leiar Torgeir Iversen i fjor. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Minus og omsetningsfall etter rekordår

Ørsta-bedrift peiker på lakseskatten som største risiko i marknaden.

Marius Rosbach
15.07.2023

Marina Solutions i Ørsta leverte eit rekneskap med den nest største omsetninga nokon gong i fjor.

Samtidig er lønnsemda kraftig svekka samanlikna med rekordåret 2021. Dåskaut både omsetning og resultat kraftig i veret samanlikna med tidlegare år.

Inntektene i 2022 stoppa på knappe 138 millionar. Samtidig bikka resultatet før skatt over på minussida med 2,8 millionar kroner. (sjå tabell under).

Marina Solutions
Årsresultat (i mill kr)
2022
2021
Driftsinntekter
137,9
186,5
Driftsresultat
-2,3
13,6
Resultat før skatt
-2,8
13,1

Har vekse kraftig
Selskapet leverer marinaanlegg, flytande hamner, fôrflåter og andre større flytande konstruksjonar i betong. Basen er Ørsta, men selskapet har salskontor på Eidsnes og lager på Bingsa.

Mellom anna satsinga mot sjømatnæringa med oppretting av eigen akva-avdeling, har gitt langt høgare omsetning for Ørsta-bedrifta dei siste åra.

Det har også gitt fleire i arbeid – og bedrifta gjekk frå 18 til 22 årsverk frå 2021 til i fjor.

Størst nedgang på kaier og havbruk
I årsrapporten skriv leiinga at nedgangen i fjor delvis var knytt til lågare aktivitet for akva-avdelinga – saman med stor nedgang på etterspurnaden for nye kaier.

Marina Solutions har sikra seg fleire større oppdrag, som i seg sjølv gir større usikkerheit.

Mellom anna har det vore stor interesse for fôrflåter til havbruk. Men no opplever dei at lakseskatten har ført til ein dempar i investeringsviljen og etterspurnad.

– Dette er no vår største risiko, skriv leiinga i årsrapporten.

Inflasjon og krigen i Ukraina førte ikkje til problem for selskapet i løpet av fjoråret, men hurtig prisauke på råvarer førte til utfordringar.

Ventar stabil auke
Leiinga skriv at dei ikkje opplevde dårlegare kjøpekraft hos kundane – men at dei venter å merke det i år.

Framover reknar dei med at stabil auke for marine anlegg og flytande hamner – saman med ein stabil ordreinngang frå sjømatnæringa – vil legge eit godt fundament for vidare satsing.

Samla eigenkapital i selskapet var på 16,5 millionar og langsiktig gjeld var på 7,1 millionar.

Publisert: 15.07.2023 05:00

Sist oppdatert: 15.07.2023 14:25

Mer om