Ny rekord for Marina Solutions
Auka omsetninga med 75 prosent og hadde sitt beste resultat nokon gong.
Satsinga mot sjømatnæringa med oppretting av eigen Akva-avdeling, har gitt gode resultat for Ørsta-bedrifta Marina Solutions.
I fjor omsette selskapet for 186,5 millionar kroner, som er solid ny rekord.
Resultatet før skatt enda på 13,1 millionar kroner, som også er rekord.
Marina Solutions | |||
Årsresultat (i mill kr) | 2021 | 2020 | |
Driftsinntekter | 186,5 | 107,8 | |
Driftsresultat | 13,6 | 6,8 | |
Resultat før skatt | 13,1 | 6,1 |
Ny bryggeløysing
Selskapet leverer marinaanlegg, flytande hamner, fôrflåter og andre større flytande konstruksjonar i betong. Basen er Ørsta, men selskapet har salskontor på Eidsnes og lager på Bingsa.
I årsmeldinga skriv styret at ein forventar auka i salet av marinaanlegg og flytandre hamner, spesielt på grunn av selskapet si nye 'heavy duty'-brygge, som marknaden har møtt med stor interesse.
I sjømatmarknaden forventar ein stabil utvikling, der ein også ser på nye produkt.
Litt uro
Den største risikoen framover ser styret at krigen i Ukraina gir. Dette fører til auka prisar, og kan i verste fall føre til manglande levering av betong og stål.
Det blir også vist til at den økonomiske utviklinga i Norge kan påvirke negativt dersom kjøpekrafta no blir redusert.
Dagleg leiar Torgeir Iversen er største aksjonær med 26,3 av aksjane. Andre større aksjonærar er Jørund Eidsnes, Eilif Kaldefoss, Ulstein Betongindustri og Otto Aam.
Selskapet hadde ved årsskiftet ein eigenkapital på 12,5 millionar kroner og 9,4 millionar i langsiktig gjeld.
Publisert: 16.06.2022 08:02
Sist oppdatert: 16.06.2022 09:08