Leverer første flytande fiskerikai
Ulstein-selskap ser vekstmulegheiter med nyvinning, som er utvikla i lag med Herøy-reiarlag.
Ulstein Betong Marine leverer i disse dagar sin første flytande fiskerikai til reiarlaget Grønholm i nabokommunen Herøy. Selskapet har store forventingar til marknaden for det som kan omtalast som ein flytemolo med med ein etasje under.
– Vi har veldig stor tru på at interessa vil vere stor, fortel dagleg leiar Asbjørn Tronstad i Ulstein Betong Marine til NETT NO.
Difor har dei bedt inn til ein demonstrasjon og omvisning ved nyvinningen komande veke ved anlegget ved Haddal.
Fleksibel og enklare løysing enn vanleg kai
Fiskerikaia som Ulstein Betong Marine no leverer som prototype, er 20 meter lang og seks meter brei. I «kjellaren» er det plass til å oppbevare utstyr som fiskevegn, og anna etter behov.
Løysinga kan skalerast opp betydeleg og Tronstad fortel at dei har levert tilbod på tilsvarande kaier som er opptil 50 meter lange.
Flytekaia er fleksibel og kan delast opp til ulike formål. Det kan gjere det enklare for fleire aktørar å gå saman om tilsvarande løysing. Prosessen med søknader til det offentlege er óg enklare.
– Fleire fluger i ein smekk
Under demonstrasjonen neste veke vil dagleg leiar Tor Andre Storås i
Grønholm-reiarlaget fortelje kva forventingar dei har som brukarar.
– For oss er det ikkje aktuelt å handtere eller lagre fisken på kaia. Derimot når det gjeld handtering av vegn og utstyr til og frå land så er det veldig tungvint i dag, og med en flytemolo med plass til båten, vegn og utstyr så slår vi fleire fluger i ein smekk, uttaler Storås i ei pressemelding frå partnarane om prosjektet.
Etter at reiarlaget fekk kontakt med Ulstein Betong Marine, har dei kome med idear og innspel. No gler dei seg til å ta i bruk den nye flytemoloen på Remøya.
Krevjande år med kostnadsauke
Det har vore eit krevjande år for dotterselskapet i Ulstein
Betongindustri-konsernet. Årsaka er betydeleg auka i materialkostnader,
som igjen førte til at selskapet måtte sette opp sine prisar.
– Det gjorde at vi hadde stopp i bestillingar av fôrflåter i to-tre månader. Etter kvart har det teke seg opp og og vi hadde bestilling på to nye flåter i september, fortel Tronstad.
Til saman jobbar Ulstein Betong Marine no med fire flåtar, skal snart starte på ein, og truleg to nye over nyåret. Det gjer at dei tilsette i denne delen av verksemda har arbeid til nærare sommaren.
Utstillingsvindauge i Oslo
Forslaget om grunnrenteskatt på oppdrettsbransjen gir også utslag.
– Vår samarbeidspartnar Marine Constructions som står for marknadsføring og sal av produkta, fortel at det er stille i denne marknaden no, og ikkje like mange førespurnader, seier Tronstad.
Ein opptur var at nytt utstillingsvindauge midt på Aker Brygge i Oslo, nyleg blei teke i bruk. Ei ladebrygge til dei heilelektriske Nesoddbåtane var eit oppdrag som kom via ein anna samarbeidspartnar, Marina Solutions i Ørsta.
Publisert: 09.12.2022 05:00
Sist oppdatert: 08.12.2022 23:11