Atlantic Seafood Moltu
OPPSTARTKOSTNADER: Kostnadene med å etablere ny verksemd i det tidlegare fiskeforedlingsanlegget på Moltustranda er ein del av forklaringa på underskotet i fjor, ifølgje Atlantic Seafood. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Minus på Moltustranda

Minus i første driftsår for Atlantic Seafood. Har fått gebyr frå Arbeidstilsynet. Mattilsynet kritisk.

11.10.2022

I 2020 overtok selskapet Atlantic Seafood det tidlegare fiskeforedlingsanlegget på Moltustranda og starta ny verksemd i anlegget.

- Vi har gjort ei heilheitsvurdering av investeringa og av framtidspotensialet på Moltustranda, og planlegg produksjon av laksefilet og andre lakserelaterte produkt, skreiv den norske Litauen-busette Atlantic Seafood-eigaren Daniel Andersen i ein epost til NETT NO i 2021.

Nyleg har Arbeidstilsynet stadfesta eit gebyr på 800.000 kroner, mellom anna for underbetaling av tilsette. I tillegg har Mattilsynet varsla at produksjonsløyvet kan bli trekt attende, skriv nettavisa Børsen.

Ny kontroll
Gebyret er ilagt etter ein kontroll i mars i år, og etter ein ny kontroll i september mistenkjer Arbeidstilsynet framleis at selskapet prøver å unndra seg kontroll av arbeidstid og innkvartering, skriv Børsen.

Det aviser Andresen.

"Selskapet etterfølger alle regler og arbeider systematisk for å forbedre både de interne kontrollrutiner og produksjonslokaler. Jeg anser at selskapet etterkommer de generelle krav som stilles til næringen", seier han til Børsen.

Han seier og at selskapet ikkje har tatt stilling til om gebyret skal betalast.

Om at godkjenninga til å drive foredling av fisk kan blir trekt attende siterer Børsen Andresen slik: "-Selskapet har fremlagt dokumentasjon for godkjent digitalt temperaturkontrollsystem og har fremlagt dokumentasjon for skadedyrkontroll i henhold til hygienekrav. Videre har selskapet bygget en ny pakkeavdeling i 1. etasje som tilfredsstiller samtlige krav for produksjonslokaler, og venter på at denne skal bli godkjent innen kort tid med «ren sone»."

Minus i fjor, pluss i år
Både i 2020 og 2021 - som er første heile driftsår for selskapet - gjekk Atlantic Seafood med underskot (sjå tabell).

"Store deler av underskuddet i 2021 er relatert til oppstartkostnader og montering og rigging av utstyr på fabrikken. Videre har det vært noe stopp i produksjonen med tapt omsetning", skriv selskapet i årsmeldinga for 2021.

Ved utløpet av august i år har selskapet 2,4 millionar kroner i overskot og ventar at overskotet skal blir enda større i løpet av året, skriv selskapet i årsmeldinga.

Eigenkapitalen er negativ, men storparten av gjelda er lån frå "selskapets aksjonærer", ifølgje årsmeldinga.

Atlantic Seafood sysselsette cirka 20 årsverk i fjor.

Atlantic Seafood as
Tal i mill. kroner20212020
Driftsinntekt11,70,05
Driftsresultat-7,8-1,7
Resultat før skatt-8,3-1,9

Publisert: 11.10.2022 05:00

Sist oppdatert: 11.11.2022 22:16

Mer om