Full fart igjen på Moltu
Vilnius-basert eigar satsar på lakseproduksjon.
- Vi har gjort ei heilheitsvurdering av investeringa og av framtidspotenisalet på Moltustranda, og planlegg produksjon av laksefilet og andre lakserelaterte produkt.
Det skriv Daniel Andersen i ein epost til NETT NO. Den Vilnius-baserte altaværingen har gjennom selskapet Legemyrane 4, som er eigd av Andersen sitt lithauiske selskap Proximus Global, kjøpt dei tidlegare anlegga til Sunsea og Sunsea Seafood på Moltu. Kjøpssummen var fem millionar kroner.
Oppgraderingar
Anlegget omfattar røykeri, pelagisk fiskemottak, fryseri og kaier. Kaiene er dels i betong og dels i tre, med ni meters djupne ved betongkaia.
- Det er utført ein del oppgraderingar ved fabrikken, dette i tillegg til at vi vil gjere løpande vurderingar i forhold til vidare oppgraderingar av anlegget, skriv Andersen.
Les også
20-30 tilsette
Han er styreleiar i selskapet Atlantic Seafood, som er det nye namnet på lakseprodusenten på Moltu. Dagleg leiar er derimot Vegar Dale.
Hittil er det 20-30 tilsette ved anlegget på Moltu, medan det var rundt 60 på det meste før Sunsea gjekk konkurs.
Daniel Andersen skriv at talet på tilsette vil verte tilpassa i forhold til sesong og aktivitetsnivå i produksjonen.
- Det kan godt vere at talet vil auke på sikt utan at vi har nokon eksakt framdrifts- eller tidsplan for dette.
Vi vil ikkje bruke innleigd arbeidskraft eller liknande løysingar, no eller i framtida
Ikkje innleige
Daniel Andersen bur i Vilnius, og har vore engasjert i å skaffe rimeleg lithauisk arbeidskraft til den norske fiskeindustrien.
Han skriv at dette ikkje er planen for satsinga på Moltu.
- Vi har kun lokalt tilsette medarbeidarar som har arbeidsavtale direkte med selskapet, og som skattar til Herøy kommune eller til annan nabokommune.
- Vi vil ikkje bruke innleigd arbeidskraft eller liknande løysingar, no eller i framtida.
Publisert: 01.07.2021 09:00
Sist oppdatert: 11.11.2022 22:16