Etter konkursen i 2017 sto Jan Egil Flo i spissen for å kjøpe konkursbuet, og med det varelageret.
Sidan har verksemda vore drive vidare, men i liten skala.
No skal innsatsen aukast, mellom anna finansiert med ei kapitalutviding på 10 millionar kroner i regi av Folkeinvest.
Folkeinvest organiserer kapitalutvidingar retta mot små investorar, der det er råd å bli med også med relativt små beløp.
Nytt selskap skal hente pengar
Frå 1. januar 2026 skal verksemda drivast under Moods of Norway-namnet, fortel Jan Egil Flo til Finansavisen.
I dag er han eigar av Moods of Norway, gjennom sitt eige selskap Berre Pluss. No skal selskapet hente ny eigenkapital.
Heile verksemda skal leggast inn i eit nytt selskap, der Flo og partnarar går inn med 20 millionar kroner - før det i neste omgang skal hentast inn 10 millionar kroner.

I butikkane neste år
Målet er å ha Moods of Norway-plagg ute hos butikkar i august neste år.
– Vi skal gjere ei rebranding og reintroduksjon av Moods of Norway, seier Flo til avisa.
Moods of Norway-varemerket fekk eit nytt liv med Flo bak roret, og i ein svært krympa versjon samanlikna med stordomstida til klesmerket.
I dag er det snakk om ein fysisk butikk i Stryn, og nettbutikk. Omlag 70 prosent av inntektene kjem frå nettbutikken.
I fjor vart sjølve drifta gjort i regi av det majoritetseigde datterselskapet Retail Drift, som hadde 17,8 millionar kroner i driftsinntekt og 0,4 millionar kroner i resultat før skatt.
Les også
Så langt i år har Jan Egil Flo auka salet med 20 prosent, og fått kronekursutviklinga med seg.
Jan Egil Flo står i spissen for gruppe som har kjøpt eigendelane i dei konkursråka Tellus-selskapa.
Moods of Norway sel kleskjeda Brandstad til danske PWT Group.
Kreditorkrav på 91 millionar kroner etter konkursen i Moods of Norway.
Publisert: 03.10.2025 05:00
Sist oppdatert: 02.10.2025 21:11






