Etterlyser handling bak orda
Munnbindprodusenten Innovern i Sykkylven etterlyser kven som skal få etterfylle etterkvart som offentlege lager av munnbind blir tømt. Svaret let vente på seg.
I vår avlyste Helsedirektoratet ein konkurranse om ein kontrakt om å levere munnbind for 27 millionar kroner.
Det var ein kontrakt som var så stor og med så knapp frist at munnbindprodusenten Innovern i Sykkylven meinte både dei og andre produsentar i Noreg og Europa ikkje hadde sjanse til å konkurrere om oppdraget. Konkurransen var utforma slik at oppdraget ville hamne hos fabrikkar i Kina, meinte Innovern.
Innovern vart etablert på kort tid etter at koronapandemien kom i 2020 og det var mangel på munnbind i Noreg. Etter eit godt 2021 kjempar selskapet for å sikre at norsk smittevernindustri kan leve vidare også etter pandemien.
Etter protestar vart konkurransen i vår avlyst, med grunngjevinga at Helsedirektoratet hadde revidert kor mykje munnbind som låg på nasjonalt felleslager. Konklusjonen var at helseforetaka kunne forsynast frå lageret, for å hindre at munnbind gjekk ut på dato.
Kven skal levere nye?
Kven som eventuelt skal levere nye munnbind etterkvart som lageret tømest er ikkje avklart.
NETT NO har spurt Helsedepartementet om svar på kva som skjer med den avlyste konkurransen, om oppdraget blir lyst ut på nytt og evt med kva endringar.
Dette er svaret som er formidla i ein epost frå departementet:
"Det nasjonale beredskapslageret for smittevernutstyr inneholder åndedrettsvern, munnbind, hansker, øyebeskyttelse, smittefrakker og heldekkende dresser. Det er lagt til grunn at lageret skal ha et volum tilsvarende seks måneders pandemiforbruk. For å sikre gode insentiver til effektiv drift er det nasjonale beredskapslageret organisert i en modell der de regionale helseforetakene eier varebeholdningen, står for innkjøp, rullering og utvikling av lageret. Når det er behov for nyanskaffelser, så er det de regionale helseforetakene som har ansvar for det."
NETT NO spurde også om kva som er regjeringa sin plan for produksjon av smittevernutstyr i Noreg. Dette svarar statssekretær Ellen Rønning-Arnesen i ein epost:
"Målet er en langsiktig løsning som sikrer en robust forsyning av smittevernutstyr. Beredskapen skal være basert på det nasjonale beredskapslageret for smittevernutstyr, forskriftsfestet krav om beredskapslagre i sykehus og kommuner, og beredskapsavtaler og innkjøpssamarbeid med leverandører."
Ikkje-svar
- Dette er eit typisk svar. Det er eit ikkje-svar seier dagleg leiar Grethe Aspehaug Loe i Innovern.
Ho ønskjer ein konkurranse om å få etterfylle lageret av munnbind, utforma på ein slik måta at også norske produsentar kan vere med og konkurrere om oppdraget.
Så langt har har korkje denne eller førre regjering ikkje greidd å handle slik at ein sikrar norsk beredskapsproduksjon av smittevernutstyr, meiner Loe.
- Dei klarer ikkje å gjere ord til handling, seier ho.
Publisert: 03.08.2022 05:00
Sist oppdatert: 03.08.2022 14:47