Innovern grethe Loe foto innovern 11
FULL DRIFT: Innovern-sjef Grethe Aspehaug Loe fortel at bedrifta førebels har eit råvarelager som gjer at produksjonen kan halde fram til hausten. Men førebels er det slutt på å å kjøpe inn nye råvarer. Foto: Innovern
Nytt

– Vi er oppgidde, men har ikkje gitt opp

Smittevernfabrikken er svært god butikk. Men Innovern-sjefen refsar politikarane for manglande oppfølging.

Marius Rosbach
26.07.2022

Medan Covid-pandemien er på hell her til lands, kan det verke som at politikarane ikkje lengre er så interesserte i å sikre seg mot den neste pandemien.

Slik oppfattar administerande direktør Grethe Aspehaug Loe i Innovern situasjonen som bedrifta har hamna i.

På 1-2-3 fekk lokale eigar i gong ein smittevernfabrikk i Sykkylven, då behovet for smittevernutstyr melde seg våren 2020. I etter tid hausta styresmaktene kritikkk for dårleg beredskap og for stor avhengigheit av Kina når det kjem til smittevernutstyr.

– Etterpå var det brei politisk semje om at det var viktig å opprettholde eigen produksjon og beredskapslager. No er vi her ferdig etablert og ISO-sertifisert, men no er det ikkje krise lengre. Eg er sjokka over den manglande oppfølginga seier bedriftsleiaren til NETT NO.

Har ikkje høyrt frå Vedum etter valet
– Det er frustrerande at ikkje styresmaktene klarer å tenke meir langsiktig. Då vil vi heller ikkje vere budd neste gong det kjem ein pandemi. Dette med sjølvforsyning er noko politikarane må ta ei overordna beslutning på, seier ho.

Innovern-direktøren påpeiker at kritikken både rettar seg mot den førre regjeringa og sittande regjeringa. Loe hadde oppriktig trua på Ap-Sp-regjeringa etter at partia i opposisjon fekk gjennom fleire stortingsvedtak om norsk produksjon av beredskaps- og smittevernutstyr.

– To veker før valet var Trygve Slagsvold Vedum her på besøk, og lova at han ville ta tak i dette. Sidan har vi ikkje høyrt frå han, seier ho.

(saka held fram under)
Lars Einar Riksheim Erna Solberg Innovern foto Ogne
STATSMINISTERBESØK: Dåverande statsminister Erna Solberg var på besøk hos Innovern-gründer Lars Einar Riksheim (t.v.) for å opna bedrifta. Foto: Ogne Øyehaug
Bedrifta gjekk så det suste i fjor
Grethe Aspehaug Loe

Superlønnsamt fjorår
Årsresultatet frå det første heile driftsåret som nyleg er offentleg, viser at drifta i fjor var superlønnsam. Inntektene enda på meir enn 52 millionar, og resultat før skatt på nær 27 millionar (sjå tabell under).

Med andre ord leverte selskapet i gjor ein resultatmargin på meir enn 50 (!) prosent.

– Bedrifta gjekk så det suste i fjor, seier Loe.

Sjølv arbeidet inn mot det politiske miljøet ikkje har gitt resultat enno, gjer økonomien at ho ikkje fryktar for framtida.

– Vi er oppgidde, men har ikkje gitt opp. Vi skal nok klare oss, og har solide eigarar som ønsker at vi skal bestå som bedrift, legg ho til.

Innovern

Årsresultat (i mill kr)
2021
2020
Driftsinntekter
52,7
7,1
Driftsresultat
27
1,8
Resultat før skatt
26,9
1,7

Håpar på nytt offentleg anbod
Smittvernfabrikken har 13 tilsette som no håpar på oppdrag frå det offentlege om å produsere for eit beredskapslager med smittevernutstyr.

Då regjeringa gjekk ut med ei bestilling tidlegare i år, var den på 27 millionar munnbind i løpet av fire månader. Det var eit volum som ingen av dei nyoppstarta norske produsentene kunne levere.

– Med god hjelp frå NHO fekk vi stoppa det anbodet. No håpar vi at det kjem ut på nytt på ein slik måte at også norske produsentar kan delta i konkurransen, seier Loe.

(saka held fram under)

Inno Vern munnbind produksjon
MUNNBIND: Det spesiallaga munnbinda frå Innovern har hausta mykje ros og bedrifta er mellom anna offisiell leverandør til Olympiatoppen. Foto: Innovern

Jobbar med å få fleire bein å stå på
Innovern-sjefen fortel at dei samtidig jobbar dei med å skaffe seg fleire bein å stå på.

– Vi ønsker å gjere oss mindre avhengig av det offentlege, og jobbar med å sjå på nye produkt og andre marknader, mellom anna inn mot industrien, fortel Loe.

Om det verste skulle skje, og bedrifta skulle gå over ende, er ikkje Loe uroa for dei tilsette.

– Her i Sykkylven finst det knapt arbeidsløyse, så folk vil nok finne seg anna arbeid. Men då vil nok investorar tenke seg om ein ekstra gong, neste gong styresmaktene vil ha behov for ein slik ekstrainnsats som vart gjort i 2020, legg ho til.

Publisert: 26.07.2022 05:00

Sist oppdatert: 26.07.2022 20:29

Mer om