Er ingenting lært?
Då koronapandemien kom, frykta ein mangel på plass ved intensivavdelingane på sjukehusa - og munnbind. Men det ser ut som lite er lært.
ANALYSE:
18. mai i år går fristen ut for å levere tilbod på 27 millionar munnbind til Sykehusinnkjøp HF, eit statseigd selskap som står for innkjøp til helsesektoren.
Kontrakten er på 15 millionar kroner, anslår Sykehusinnkjøp i anbodsdokumentet. Munnbinda skal leverast mellom 1. september og 31. desember i år, og helst så tidleg som råd etter 1. september.
For eit selskap som Innovern i Sykkylven er dette ein mogleg gigantkontrakt, men med så kort leveringfrist at selskapet reagerer kraftig på konkurransevilkåra.
- Vi reagerer veldig sterkt på at dette anbodet kjem med så stort volum, med så kort leveringstid. Då føler vi dette er skreddarsydd for kinesiske produsentar, seier dagleg leiar Grete Aspehaug Loe i Innovern til NRK.
Innovern produserer omlag 100.000 munnbind om dagen med eitt skift, tilsvarande to millionar munnbind i månaden. Fabrikken kan gire opp til både to og treskiftsproduksjon, men dei kontraktsvilkåra Sykehusinnkjøp legg opp til blir uansett vanskelege å oppfylle.
Les heile utlysinga av munnbindkontrakten (ekstern lenke)
Aspehaug Loe sin indignasjon er lett å forstå.
Innovern blei etablert på rekordtid i 2020, då Noreg mangla munnbind og anna smittevernutstyr. Heile verda skreik etter det same, og brått var det ikkje berre å legge inn ei bestilling og få utstyret levert like etter.
Smittevernutstyr var eit knapt gode, og forsyningslinene var usikre. Styresmaktene bad næringlivet om hjelp.
No er behovet for munnbind attende på eit meir normalt nivå, og dermed er det også enklare å få tak i.
Behovet for ein norsk produksjon er der ikkje lenger - akkurat i dag.
Men noko av det koronakommisjonen kritiserte regjeringa for i sin første rapport - som kom i fjor - var nettopp at regjeringa ikkje hadde budd seg på at smittevernutstyr kunne bli mangelvare.
Då er det tankevekkande at måten Sykehusinnkjøp legg opp anbodskonkurransen på gjer det svært krevande for ein aktør som Innovern å vere med i konkurransen.
Krigen i Ukraina bør vere nok eit varsel om at det å ha eigen kapasitet til å produsere kritiske varer kan vere ein fordel.
Det handlar ikkje om å vere 100 prosent sjølvforsynt, men å ha kapasitet og kompetansen som kan gjere det lettare å auke eigen produksjon om det skulle bli krise igjen.
Koronakommisjonen har nettopp levert fra seg rapport nummer to. Begge rapportane har det til felles at det blir gitt mykje ros for handteringa etter at koronapandemien kom, men det er kritikk av korleis ein var budd på at ein pandemi kunne kome.
I rapport nummer to står det mellom anna at intensivkapasiteten på sjukehusa var for dårleg då pandemien kom. Frykta for overbelastning som ville råke mykje anna sjukehusdrift var ein viktig årsak til dei strenge smitteverntiltaka.
"Det var god grunn til bekymring. I løpet av andre smittebølge måtte en rekke sykehus i perioder stoppe med planlagte operasjoner og behandlinger, og utsette behandling av pasienter uten covid-19.", heiter det i rapport nummer to som nyleg er offentleggjort.
Koronakommisjonen konkluderer også med at lite er gjort for å auke intensivkapasiteten frå pandemien kom og fram til i dag:
"Kommisjonen mener at sykehusene ikke var godt nok forberedt på en pandemi, og at HOD (Helse- og omsorgsdepartementet) heller ikke gjorde nok for å bedre intensivkapasiteten underveis i pandemien. Annet enn i oppdragsdokumentet til de regionale helseforetakene i januar 2021 kan ikke kommisjonen se at departementet har tatt ytterligere grep for å bedre intensivkapasiteten."
I oppdragsdokumentet som kommisjonen viser til blir helseforetaka bedne om å opprette 100 nye utdanningsstillingar for intensivsjukepleiarar og utrede behovet for intensivkapasitet i spesialisthelsetenesta.
Resultatet er ikkje så mykje å skryte av:
"Utover dette kan ikke kommisjonen se at HOD har tatt noen andre grep for å bedre intensivberedskapen og intensivkapasiteten under pandemien. I flere forklaringer for kommisjonen er det også pekt på at det ikke har skjedd noe med kapasiteten i løpet av pandemien."
Mesteparten av det kommisjonen sin rapport handlar om er vedtak og handlingar som den førre regjeringa hadde ansvaret for. Men den vart skifta ut etter stortingsvalet i fjor haust. Då dei enno var i opposisjon i fjor gjekk dagens regjeringsparti, saman med SV og Frp, saman om fleire krav til den medisinske beredskapen.
Mellom anna ville dei at pandemi- og legemiddelberedskapen måtte styrkjast, ved å sørgje for auka produksjonskapasitet og auka tilgang på smittevernutstyr.
Den nye munnbindkontrakten er allereie blitt ei politisk sak. Det blir interessant å sjå korleis Ap/Sp-regjeringa handterer den.
Publisert: 01.05.2022 05:00
Sist oppdatert: 04.05.2022 13:05