Nytt
Motstraums i møbel
Midt i møbelutflagginga har Håvar Tandstad blitt større og større.
09.07.2016
Tandstad er storaksjonær og dagleg leiar i Møbeltre, som har spesialisert seg på trebearbeiding til møbelprodusentane.
Med unntak av eitt år under finanskrisa har bedrifta hatt vekst kvart år sidan starten i 2001.
I fjor auka driftsinntektene frå 13,1 til 18 millionar kroner, og Tandstad reknar med vekst også i år.
- Møbelbransjen er blitt så liten at ein må spesialisere seg, seier Tandstad.
Når NETT NO er på besøk er bedrifta i full gang med å bu seg på å ta i bruk si første industrirobot-celle. Treverket inne i møblane er sett saman av mange delar, og den samansetjinga skal roboten gjere.
Målet er å overta ein større del av arbeidet som kundane, møbelfabrikkane, no gjer sjølve. I tillegg siktar Tandstad mot å vinne ein større bit av marknaden, slik at veksten kan halde fram.
Den gongen var han glad han greidde å leige seg eit lokale å starte i.
- Då eg starta i 2001 var det fullt kjør i stort sett alle fabrikkane. Her i Sykkylven var det frykteleg vanskeleg å finne ein plass å vere fordi alle fabrikkar var peisfulle, seier han.
Slik heldt det seg langt på veg fram til finanskrisa kom i 2008/2009. Då starta ei omfattande utflagging av norsk møbelproduksjon. Det råka og underleverandørane i bransjen.
Formfin-sjef Olav Utgård sa til NETT NO i fjor at han fryktar at underleverandørane er blitt så få at det bremsar nytenkinga i møbelbransjen.
Første steg er ein avtale om kasseproduksjon for Rofi i Molde, som lagar telt og anna naudhjelpsutstyr. Utstyret blir pakka i kasser, og det er desse kassene Møbeltre lagar. Blir det fast avtale kan det vere snakk om oppdrag for ein million kroner i året.
Produksjonskostnadane kan gå ned, men marknaden ventar at utanlandskproduserte møblar og skal vere billegare.
Norskprodusert gir eit kvalitetsstempel som kan vere tøft å gi avkall på og marginane kan bli minst like dårlege eller dårlegare enn dei var med norsk produksjon.
Også madrassproduksjonen har hatt vekst etter at Tandstad og medeigarane tok over (sjå tabell). Samla sett har dei to bedriftene 24 personar, medrekna ein sommarvikar, på lønningslista. 17 av dei er tilsett på heiltid.
Med unntak av eitt år under finanskrisa har bedrifta hatt vekst kvart år sidan starten i 2001.
I fjor auka driftsinntektene frå 13,1 til 18 millionar kroner, og Tandstad reknar med vekst også i år.
Satsar på større bit
Produkta frå Møbeltre finn du att i møblane frå mellom andre Slettvoll, L.K. Hjelle og Formfin. Men møbelkjøparane får ikkje sjå produkta utan å rive møblane frå kvarandre, for det er treverket inne i møblane - vangar, sete og ryggar - som Møbeltre har spesialisert seg på.- Møbelbransjen er blitt så liten at ein må spesialisere seg, seier Tandstad.
Når NETT NO er på besøk er bedrifta i full gang med å bu seg på å ta i bruk si første industrirobot-celle. Treverket inne i møblane er sett saman av mange delar, og den samansetjinga skal roboten gjere.
Målet er å overta ein større del av arbeidet som kundane, møbelfabrikkane, no gjer sjølve. I tillegg siktar Tandstad mot å vinne ein større bit av marknaden, slik at veksten kan halde fram.
Sprengt kapasitet
Tandstad leia trebearbeidingsavdelinga hos Hjellegjerde då han sa takk for seg og starta for seg sjølv i 2001.Den gongen var han glad han greidde å leige seg eit lokale å starte i.
- Då eg starta i 2001 var det fullt kjør i stort sett alle fabrikkane. Her i Sykkylven var det frykteleg vanskeleg å finne ein plass å vere fordi alle fabrikkar var peisfulle, seier han.
Slik heldt det seg langt på veg fram til finanskrisa kom i 2008/2009. Då starta ei omfattande utflagging av norsk møbelproduksjon. Det råka og underleverandørane i bransjen.
Formfin-sjef Olav Utgård sa til NETT NO i fjor at han fryktar at underleverandørane er blitt så få at det bremsar nytenkinga i møbelbransjen.
Nye kundar
Tandstad sitt svar på utflagginga var å vinne innpass hos nye kundar og få gjere meir omfattande oppgåver hos eksisterande. Møbelprodusentane har vore målgruppa heile vegen, men no er han i ferd med å sjå mot nye marknadar, der kompetansen frå møbelbransjen kan brukast på nye felt.Første steg er ein avtale om kasseproduksjon for Rofi i Molde, som lagar telt og anna naudhjelpsutstyr. Utstyret blir pakka i kasser, og det er desse kassene Møbeltre lagar. Blir det fast avtale kan det vere snakk om oppdrag for ein million kroner i året.
Norsk er ein fordel
Utflagging er eit tveegga sverd, meiner Tandstad.Produksjonskostnadane kan gå ned, men marknaden ventar at utanlandskproduserte møblar og skal vere billegare.
Norskprodusert gir eit kvalitetsstempel som kan vere tøft å gi avkall på og marginane kan bli minst like dårlege eller dårlegare enn dei var med norsk produksjon.
Pengar i madrassen
Håvar Tandstad er største aksjonær i både Møbeltre og Stjernemadrassen, som begge er under same tak på Straumgjerde i Sykkylven.Også madrassproduksjonen har hatt vekst etter at Tandstad og medeigarane tok over (sjå tabell). Samla sett har dei to bedriftene 24 personar, medrekna ein sommarvikar, på lønningslista. 17 av dei er tilsett på heiltid.
Møbelbransjen er blitt så liten at ein må spesialisere seg
Publisert: 09.07.2016 06:00
Sist oppdatert: 09.04.2021 19:45