Mowi med storsatsing på storsmolt
Satsar fire milliardar kroner på å byggje opp fem storsmoltanlegg.
Oppdrettsgiganten Mowi skal bruke fire milliardar kroner dei neste fem åra i ei storsatsing på storsmolt. Planen er å årleg produsere 27.000 tonn smolt som er rundt 700 gram stor før smolten vert sett ut i merdene. Deretter forventar selskapet at det berre vil ta åtte til ti månader før laksen når den ideelle slaktevekta på rundt 5,2 kilo.
- Dette er noko vi har stor tru på, seier regiondirektør Asgeir Hasund i region midt.
Reduserer luseplagene
No jaktar selskapet gode plassar til å byggje opp dei nye smoltablegga, som vil trenge store areal, i tillegg til tilgang til ferskvatn.
- Vi ser no på ulike kandidatar, seier Hasund, som opplyser at satsinga er både for å auke produksjonen og redusere luseplagene ved at laksen er kortare tid i merdene i sjøen.
Ved eitt anlegg er ein alt i gang. Det er på Haukå ved Kinn kommune. Her skal kapasiteten aukast frå dagens 4.500 kubikkmeter karvolum til 14.500 kubikkmeter.
På Norheim nærmar det seg byggjestart. Her skal volumet doblast.
Vurderer Stensvika-utviding
I tillegg skal Mowi ha ytterlegare tre anlegg.
I Steinsvika i Volda kommune er det i dag smoltproduksjon. Asgeir Hasund seier at dette anlegget no er for lite.
- Det kan vere aktuelt å byggje ut anlegget i Steinsvika for storsmolt, men då treng vi meir areal.
Held seg i sjøen
I eit møte med fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen onsdag opplyste Hasund at det så langt ikkje er aktuelt for Mowi å satse på oppdrett på land i regionen.
- Vi har mange gode havlokalitetar. Først skal vi utnytte desse, seier Hasund.
Totalt har Mowi i region midt 53 sjømatlokalitetar, samt ni lokalitetar for produksjon av smoltlaks.
- Vi har 842 tilsette og produserer 134.000 tonn laks i året.
- Vi er ein utruleg viktig distriktsarbeidsplass, seier Hasund.
Vi er ein utruleg viktig distriktsarbeidsplass
Olje- og mjølfabrikk
Fabrikksjef Sølve Kiviranta ved lakseslakteriet på Eggesbønes opplyste om at alt går etter planen vil selskapet starte bygginga av ein olje- og mjølfabrikk på Eggesbønes i haust.
- Planen er å produsere 25.000 tonn olje og 12.500 tonn mjøl årleg.
Frå før har selskapet siste fem åra investert 300 millionar kroner på Eggesbønes, blant anna ved bygging av ny bløggeavdeling, nytt kjølelager, nytt kasseloft og nytt mottaksanlegg for bløggebåtar.
Totalt har Mowi på Eggesbønes 178 fast tilsette.
- Desse kjem frå totalt 20 nasjonar, men alle bur i nærområdet, seier Kiviranta.
Publisert: 17.07.2021 06:00
Sist oppdatert: 17.07.2021 11:37