Mowi Eggesbønes
EGGESBØNES: Kraftig auke i lakseslaktinga i første kvartal ved Mowi sitt anlegg på Eggesbønes. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Slakta meir på grunn av luseplager

Mowi trur at lakseetterspørselen snart kjem tilbake til gamle høgder.

19.05.2021

Oppdrettskjempa Mowi slakta 125.500 tonn laks i første kvartal. Knappe 40.000 tonn stamma frå region midt i Norge, som omfattar området frå Sogn i sør til Osen i nord.

I denne regionen har konsernet lakseslakteri på Eggesbønes i Herøy og Ulvan på Hitra. Mowi melder om at det i region midt kvartalet vart slakta 39.614 tonn mot 23.086 tonn i same kvartal i fjor.

Auken skuldast i hovudsak tidleg slakting på grunn av luseplager.

Les heile rapporten her.

Svekka driftsresultat
Kostnadene i regionen gjekk ned, men det vert meldt om dødelegheit på 5,9 millionar Euro, mot 2,4 millionar Euro i same kvartal i fjor. Sjølv med auka dødelegheit, opplyser Mowi at produksjonen var stabil.

Operasjonelt driftsresultat i region midt var på 24,9 millionar kroner, mot 35,7 millionar i same kvartal i fjor.

Operasjonelt driftsresultat per kilo var på 0,63 Euro, mot 1,54 Euro i same kvartal i fjor.

Til samanlikning enda det operasjonelle driftsresultatet per kilo på 1,23 Euro i region syd og 1,49 Euro i region nord.

Vil ha større smolt
I kvartalsrapporten opplyser Mowi at konsernet vil auke satsinga på smoltproduksjonen i ferskvatn, slik at ein kan setje ut større smolt. Totalt reknar ein med å kunne auke slaktevolumet med 27.000 tonn i løpet av 2027 gjennom denne satsinga.

Mowi ser elles teikn til betring i salet av laks innanfor daglegvarehandelen i takt med at det kjem globale lettelsar i smitteverntiltaka, og forventar ei god utvikling framover.

Publisert: 19.05.2021 11:02

Sist oppdatert: 19.05.2021 11:07

Mer om