Frå 2021 skal nyoppussa MS Finnmarken segle året rundt på ekspedisjonscruise til handplukka destinasjonar langs norskekysten.
Oppgraderinga er den største nokon gong i Hurtigruten si lange historie, opplyser selskapet i ei pressemelding måndag.
- Vi skal forvandle henne til eit fullverdig, premium ekspedisjonscruiseskip, med komforten og fasilitetane som trengst for å skape unike opplevingar, seier konsernsjef Daniel Skjeldam i Hurtigruten.
- Vi sender ut anbudet i løpet av mars/april, og så lander vi ein avtale etter det, seier han.
MS Finnmarken vart levert frå Kværner Kleven i 2002, eit verft Hurtigruten no er 100 prosent eigar av.
Det 138,5 meter lange og 21,5 meter breie skipet kosta då rundt 750 millionar kroner.
Alle lugarar og suiter skal totalrenoverast, det same med restaurantane, og det vert endå ein restaurant og ein eigen stad for grilling.
Det skal byggjast nytt velværeområde med lounge, behandlingsrom, treningsstudio og sauna med panoramautsikt.
I tillegg skal det byggjast eit 'Science Center' med blant anna forelesingssalar, forskingsutstyr og interaktive hjelpemiddel.
Oppgraderinga er den største nokon gong i Hurtigruten si lange historie, opplyser selskapet i ei pressemelding måndag.
- Vi skal forvandle henne til eit fullverdig, premium ekspedisjonscruiseskip, med komforten og fasilitetane som trengst for å skape unike opplevingar, seier konsernsjef Daniel Skjeldam i Hurtigruten.
Anbud straks ute
Kommunikasjonssjef Rune Thomas Ege i Hurtigruten opplyser til NETT NO at det ikkje er avgjort kva for verft som får oppdraget.- Vi sender ut anbudet i løpet av mars/april, og så lander vi ein avtale etter det, seier han.
MS Finnmarken vart levert frå Kværner Kleven i 2002, eit verft Hurtigruten no er 100 prosent eigar av.
Det 138,5 meter lange og 21,5 meter breie skipet kosta då rundt 750 millionar kroner.
Klargjort for batteri
Skipet skal blant anna oppgradere motorane, få landstraumtilkopling og klargjerast for framtidig installasjon av batteripakkar.Alle lugarar og suiter skal totalrenoverast, det same med restaurantane, og det vert endå ein restaurant og ein eigen stad for grilling.
Det skal byggjast nytt velværeområde med lounge, behandlingsrom, treningsstudio og sauna med panoramautsikt.
Science Center
Bildekket skal fjernast. Her vert det i staden samla rib-ar og anna ekspedisjonsutstyr.I tillegg skal det byggjast eit 'Science Center' med blant anna forelesingssalar, forskingsutstyr og interaktive hjelpemiddel.
Publisert: 04.03.2019 16:19
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:32