Myklebust Verft Hurtigruten foto
MANGE I ARBEID: Tidlegare er det opplyst at kvar av ombyggingane vil halde kring 100 verftsarbeidarar i sving nær eit halvår. I tillegg gir det arbeid til 200-300 Kongsberg Maritime-tilsette på ulike tidspunkt. Arkivfoto: Olav Thokle, Fotomaritim
Nytt

Myklebust sikra ny større ombygging

Gir arbeid til fleire hundre på verftet og Kongsberg Maritime.

Marius Rosbach
11.10.2021

Myklebust Verft har i lag med Kongsberg Maritime inngått kontrakt på ei større miljøoppgradering på Hurtigruten sitt skip Kong Harald.

Det blir opplyst i ei pressemelding måndag.

Sande-verftet har dermed sikra seg to av tre store ombyggingsoppdrag reiarlaget har planar om å gjennomføre.

Kan også sikre kontrakt nummer tre
Hurtigruten Norge skal bygge om skipa MS Nordlys, MS Kong Harald og MS Richard With som ein del av planane om å kutte CO2-utsleppa med minst 25 prosent. Myklebust er med i ein partnarskapsavtale med Kongsberg Maritime, og har moglegheit til å sikre seg det tredje oppdraget.

Dagleg leiar Inge-Jonny Hide seier han er stolt over at verftet kan vere med å gjere slik at eldre fartøy får forlenga levetid. Han har fleire gonger trekt fram dette arbeidet som eit eksempel på eit godt «grønt» prosjekt.

– Dette er gjenbruk i praksis, sa han mellom anna då avtroppande arbeidsminister Torbjørn Røe Isaksen var på besøk i sommar.

Store utstyrsleveransar
Då Myklebust fekk det første av dei tre avtalene, fortalde Kongsberg Maritime-sjef Egil Haugsdal at det dreia seg om eitt av dei største oppdraga i i Europa so langt på miljøoppgradering.

– Alle dei tre skipa skal byggast om til hybrid framdrift. Det inneber mellom anna at motorane skal bytast ut med nye og meir energieffektive modellar. I tillegg skal det installerast batteripakkar om bord, og propulsjonen skal oppgraderast, fortel Geir Oscar Løseth i pressemeldinga.

Han leiar salet til ettermarknaden på dette området i Kongsberg Maritime.

Glad for at arbeidet gjerast på norsk verft
Administrerande direktør Hedda Felin i Hurtigruten Norge er glad for at nettopp Myklebust-verftet skal stå for arbeidet.

– Når vi no gjer våre skip meir miljøvenlege, er vi veldig glade for at det blir utført i Norge av Myklebust, som sikrar både kvalitet og at vi kan bidra til norske arbeidsplassar, uttalar ho i meldinga.

Les meir om oppgraderingane under:

Publisert: 11.10.2021 11:21

Sist oppdatert: 15.10.2021 12:33

Mer om