Cecilie Myrseth Foto Marius Rosbach 11
KRISEMØTE: Næringsminister Cecilie Myrseth (Ap) reagerer på EUs vedtak. – For bedriftene som blir omfatta i Noreg, vil dette vere negativt, skriv Myrseth i ein e-post til NTB. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Myrseth kallar inn til krisemøte etter EU-toll

Kraftige reaksjonar på at Noreg hamnar utanfor tollmuren.

18.11.2025

(NPK-NTB-Bibiana Piene): EU innfører vernetiltak som toll og minstepris på ferrolegeringar. Noreg hamnar utanfor tollmuren, og næringsministeren kallar inn til krisemøte.

Etter to utsetjingar kom vedtaket tysdag i 12. time. Tysdag var nemleg aller siste frist for å innføre slike vernetiltak. Vernetiltaka blir innførte onsdag og skal gjelde i tre år.

Tiltaket vart først varsla 18. desember i fjor, og fristen for innføring er elleve månader. Formålet med tiltaket er å verne EUs eigen industri.

– Tiltaka gjeld alle tredjeland, inkludert Noreg og Island som er del av EØS, men har vorte nøye designa for å minimere verknadene på dei europeiske verdikjedene, heiter det i pressemeldinga frå EU-kommisjonen.

Knapt fleirtal
Uvisse om forslaget ville få fleirtal, førte til at vedtaket vart utsett to gonger – først fredag og deretter måndag. Tysdag gjekk det likevel igjennom med knapt fleirtal.

Ifølgje NTBs opplysningar skal Sverige, Ungarn, Finland, Estland, Latvia og Litauen ha stemt mot tiltaka, medan Danmark avstod frå å stemme ettersom dei har formannskapet i EU dette halvåret.

Vedtaket inneber at det blir lagt toll på all import av jernlegeringar til EU. Noreg står åleine for 43 prosent av denne importen. Likevel vil inntil 75 prosent av historisk import vere tollfri.

Rundt 1800 personar jobbar i den europeiske metallindustrien, ifølgje EU-kommisjonen.

Møter næringa i dag
Både næringsminister Cecilie Myrseth (Ap) og utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) reagerer på EUs vedtak.

– Vi er usamde med EU i denne saka, og for bedriftene som blir omfatta i Noreg, vil dette vere negativt, seier Myrseth i ein e-post til NTB.

– Vi deler ambisjon om å verne industrien i Europa mot global overproduksjon, men meiner Noreg ikkje burde omfattast av tiltaka. No vil vi gå gjennom vedtaket saman med næringa og partane i arbeidslivet for å sjå korleis norsk eksport vil påverkast av tiltaka. Vi møtest allereie i dag, seier ho vidare.

Eide seier Noreg vil ta opp tiltaket på kommande EØS-møte torsdag.

– Alvorleg for norsk industri
LO-leiar Kine Asper Vistnes reagerer også kraftig. Ho kallar det eit steg i feil retning.

– Dette er alvorleg for norsk industri, for norske arbeidsfolk og for Noreg. EUs vernetiltak får direkte konsekvensar for tusenvis av norske arbeidsfolk, seier Vistnes i ei pressemelding.

– Denne avgjerda er det verst tenkjelege utfallet for norsk industri. Vi fryktar at EUs vernetiltak vil få alvorlege negative konsekvensar for norsk ferrolegeringsindustri og tusenvis av norske arbeidsplassar. Både vi og EU er tent med at vi utviklar styrken vår saman, seier ho.

Kjempa hardt
EU har også fastlagt minsteprisar på jernlegeringar som ferrosilisium og ferromangan.

Norske styresmakter og næringsliv har frå første stund slåst mot EU-tollen, utan å lykkast. Rundt to tusen norske arbeidsplassar kan stå i fare.

Publisert: 18.11.2025 12:40

Sist oppdatert: 18.11.2025 12:40

Mer om