235168224 811023266225426 4464883645281778767 n
POLARSTAR: Eigarane av Polarstar vann strid med tromsøværing. Foto: Polarstar
Nytt

Må betale 2,4 millionar etter leige av ishavsskute

Tromsøværing tapte på alle punkt i retten etter strid med Polarstar-eigarane.

28.02.2022

Tromsøværingen Mats Henrik Forsberg er i Møre og Romsdal tingrett i Volda dømd til å betale vel 2,4 millionar kroner til Sameiget Polarstar 2008 etter misleghald av ein leigeavtale på skipet.

I tillegg er Forsberg dømd til å betale nesten 400.000 kroner i sakskostnader.

Ishavsskuta Polarstar er frå 1948, og vart i 2008 kjøpt av Willy Nesset frå Hareid med fleire, og deretter restaurarert av Nesset i Polen.

Bareboatavtale
I 2016 vart sameiget Polarstar skipa, og det er dette sameiget som har eigd skipet.

I 2019 inngjekk sameiget ein avtale med eit av Forsberg sine selskap om ein bareboatavtale på skipet.

Forsberg skulle nytte båten til turisme, og det vart inngått ein kontrakt med sameiget Polarstar i 38 punkt.

Henta skipet tilbake
Men etter at Forsberg ikkje betalte leige etter avtalen, tok Nesset saman med eit mannskap på åtte og reiste til Tromsø, og der overtok skipet igjen.

I tillegg til manglande hyre, har Sameiget Polarstar 2008 krevd betaling for manglande vedlikehald og reparasjonar, for smøreolje og drivstoff, samt for kostnader med å hente skipet.

Forsberg har på sin side lagt fram at det var manglar på skipet, som igjen gjorde at skipet ikkje kunne brukast som føresett, og at dette påførde han både tap og kostnader.

- Må sjølv bere risikoen
Retten gav Sameiget 2008 fullt medhald i sine krav, og legg til grunn at erstatningsansvaret spring ut av ein normal avtale mellom partane.

"Retten viser vidare igjen til at Forsberg synast å ikkje ha sett seg tilstrekkeleg inn i kva han har forplikta seg til, og tok ingen atterhald. Dette må ha han sjølv bere risikoen for", fastslår tingretten i domsslutninga.

Retten legg til grunn at kravet frå sameiget er ein stor sum å erstatte for ein privatperson med alminneleg inntekt, men avviser likevel at det er grunnlag for å lempe på kravet.

Publisert: 28.02.2022 13:10

Sist oppdatert: 28.02.2022 22:21

Mer om