Vil gjenskape Polarstar ved polsk verft
POLEN: Her ved Marine Constructions-verftet i polske Szczecin skal selfangstskuta "Polarstar" gjenskapast slik skuta framstod på 1960- og 70-talet.
Nytt

Vil gjenskape "Polarstar" ved polsk verft

Arbeidet er godt i gang med renovering av ishavsskuta "Polarstar". No søkjer Willy Nesset og Sameiget Polarstar 12 millionar kroner frå Riksantikvaren.

31.01.2015
- Så langt har vi nytta eigenkapital, men vidare framdrift etter dei opphavelege planane er avhengig av støtte frå Riksantikvaren.
Det seier Willy Nesset frå Hareid. Han er direktør og medeigar i det polske verftet Marine Constructions Sp i Szczecin.
Det er her den 67 år gamle selfangstskuta ligg. Hit kom skuta i desember 2013.
- Før det hadde vi sikra oss vernestatus på skuta. Alt vi foretek oss no er i nært samarbeid med Riksantikvaren og NMD (Skipskontrollen), seier Nesset.

Tilbake til 60-talet

Målet med renoveringsarbeidet er å gjenskape skuta slik ho framstod på seksti- og syttitalet.
- Då kan vi dokumentere skuta slik ho framstod på sitt viktigaste, og som første selfangar bygd i stål, seier Nesset.
Den Glasgow-bygde stålskuta dreiv i alle år frå 1949 til 1982 selfangst på Newfoundland.
Men skuta har også vore sysselmannskute på Svalbard, i tillegg til at ho har vore fraktefartøy, fiskefartøy og ekspedisjonsfartøy.
Siste selfangstturen skjedde i 2008 etter at ei gruppe eldsjeler med Bjarne Brandal i spissen, fekk gjort skuta i stand til selfangst.
No er det på gang ny renovering, men denne gongen frå Polen.

21,5 millionar kroner

I søknaden til Riksantikvaren går det fram at heile renoveringsarbeidet vil koste 21,5 millionar kroner. 12 millionar kroner søkjer ein om å få frå Riksantikvaren, medan ein håpar på å få 2,3 millionar kroner frå Norsk kulturminnefond.
I tillegg er det lagt inn sju millionar kroner i dugnad og seks millionar i eigenkapital.
Det aller meste av arbeidet skal gjerast ved det polske verftet, og i søknaden vert det opplyst at det alt er signert bindande kontraktssum med verftet på knappe 20 millionar kroner.

Ferdig med motorromet

Willy Nesset opplyser at restaureringsarbeidet vert tatt etappevis, og der ein får dei ulike delene godkjende etter tur.
- Vi valde å ta full motoravhaling først, den største og tyngste pakken. Den jobben er no ferdig, seier Nesset.
Han opplyser at det er i gang full oppussing på forecastle-dekket, hoveddekket og alt som kan takast under dekk framme.
- Mast, bommer, vinsjer, rør, alt framstår no som "nytt", men sidan dette er verna skip kan vi ikkje leggje inn nytt, men i så stor grad som muleg nytte alt det gamle.

Stor polsk interesse

Nesset opplyser at ein også har starta på arbeidet med akterdekk, galleydekk, samt nede i lasteroma.
- Vi skal no starte på rivinga av den "nye" innreiinga i messeområdet, ei innreiing som vart sett inn dei seinare åra.
- Alt dette skal vekk og den originale innreiinga frå sekstitalet skal på plass igjen.
Nesset opplyser at skuta har vekt stor merksemd i Polen.
- Mange nysgjerrige valfartar hit, dei store nasjonale TV-selskapa har vore om bord, likeeins aviser og lokal-TV.
- Alle vil sjå Polarne Legendy Norweska!

Ekspedisjonar

Planen er at skuta skal ende opp i Brandal, som gåve til Ishavsmuseet Aarvak.
- Men vi håpar at vi no skal få nokre aktive år med skuta som flytande museum og dokumentasjonssenter.
- I tillegg ønskjer vi å gjere ekspedisjonar, seier Nesset.

Ny eigarstruktur

Det har tidlegarre vore litt strid om kven som er den faktiske eigar av "Polarstar". Nesset opplyser at det tidlegare sameiget er oppløyst, og at det nye Sameiget Polarstar AS består av han sjølv gjennom selskapet VS Poland AS med 90 prosent av aksjane samt at 10 % er eigd av Johan Veiseth.
- Det er i tillegg eit eige driftsselskap, Polarstar Drift AS, som, leiger skuta av sameiget, opplyser Nesset.
Alle vil sjå Polarne Legendy Norweska!

Publisert: 31.01.2015 06:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:40